Styremedlemmene valde å gå tidlegare denne månaden i protest mot det dei meiner er eit krav frå styraren i handelslaget om medlemsskap i styret.
— Eg kan som formann ikkje godta at det plutseleg dukkar opp eit nytt styremedlem. Han må i tilfelle veljast, seier Bjørn Mo, formann i styret og ein av dei som har trekt seg.
Han meiner også at styret ikkje fungerer etter vedtektene: I samsvar med vedtekter innført i 2001 skal styret berre ha fem medlemmer, men no er dei seks eller sju, alt etter om styraren reknast med. Mo krev difor, saman med dei andre som har trekt seg, at det blir kalla inn til eit ekstraordinært årsmøte der nytt styre blir vald.
— Me har tilrådd eit ekstraordinært årsmøte, og me har samla underskrifter for å få dette på plass, held Mo fram.
I Coop si juridiske avdeling heiter det at eit ekstraordinært årsmøte kan haldast dersom styret avgjer det, eller når minst 20 prosent av medlemmene krev det. I følgje Mo er det no meir enn 20 prosent av medlemmene som stiller seg bak dette kravet.
Økonomisk uansvarleg
Magne Inge Nybru, eitt av styremedlemmene som er igjen, er kritisk til måten dei tre frå Ølmedal har lagt ned verva sine på.
— Det er eit spørsmål om dei kan trekkje seg. Det må opp på årsmøtet, meiner han.
Han meiner vidare at styreformannen ikkje kan gjennomføre underskriftskampanje for å få eit ekstraordinært årsmøte, utan å kalle inn styret i saka.
— Kva har du å seie til påstanden om at styret ikkje fungerer etter vedtektene?
— På årsmøtet i 2001 blei det vedtatt at Imsland skulle gå inn på normalvedtektene til Coop, som seier at det skal vere fem mann i styret, svarer han, og vedgår at dette ikkje har blitt følgd.
Han seier vidare at ein feil har gjort at styret har halde fram med å følgje dei gamle vedtektene med sju i styret, der det også heiter at forretningsføraren skal vere med.
— Han har vore med i styret dei 20 åra han har vore styrar, framhevar Nybru.
Han kritiserer styreleiaren for brot på vedtektene ved ikkje å kalle inn til styremøte, og han poengterer at det kan gje økonomiske konsekvensar at styremøta ikkje blir haldne.
Nybru hadde i går kalla styret og kontrollkomiteen inn til møte for å prøve å samle styret att. Han vedgår at situasjonen er fastlåst.
Tilrår årsmøte
Juridisk avdeling i Coop tilrår i eit brev til styreleiaren og styraren at eit ekstraordinært årsmøte blir halde for å ta stilling til Coop Imsland si styresamansetjing. Samstundes framhevar dei at det ikkje er grunn til å sjå på det sitjande styret som ugyldig, uavhengig av om styraren er med eller ikkje, sjølv om det har fleire medlemmer enn kva vedtektene seier. Juridisk avdeling i Coop har vidare vurdert at det er gode grunnar for å ha styraren med som styremedlem.
Det har lenge vore klart at eitt av dei to utsala i Imsland på sikt må vekk skal handelslaget der greie å drive med overskott. Slik tilhøva er no, er handelslaget ikkje nærmare noka løysing på denne situasjonen.
Fastlåst i handelslag
Styremedlemmene valde å gå tidlegare denne månaden i protest mot det dei meiner er eit […]