Dei hadde koka graut, invitert nissen og sala på hest med vogn for eit lite avbrekk i innspurten før den store julefesten. I den gamle Kongestova på Tongjen var det fyrt opp i omnen og parafinlampen i taket var tent. Både store og små kosa seg i det vesle huset som har fått sin spesielle plass Etne-historia.
Det var Siri Kaldheim Auestad som i si naud skreiv brev til kong Haakon og bad om pengar slik at ho og familien kunne få seg sin eigen heim. Og Siri blei bønhøyrd. Ho fekk både brev og pengar frå Kongen. For desse pengane fekk dei sett opp ei lita røykstove og litt innbu. Men det blei også nokre kroner til overs. Pengar me vil tru kunne vore til god nytte for den vesle familien. Men nei. Dei pengane tok fattigkassen i kommunen.
Dette var på byrjinga av førre århundre. På den tid var det ikkje berre Siri og familien hennar som måtte få pengar av fattigkassen for å klara seg. Ei mager trøyst var at det var mange i same situasjon. Lita utkomme kombinert med store barneflokkar gjorde det vanskeleg å få endane til å møtast.
Litt tidlegare på dagen vesle julaftan høyrde me i eit radioprogram på NRK om ein 17 år gammal gut som ikkje fekk utbetalt stipendet frå Lånekassen på 40.000 kroner over to år. Det blei nemleg rekna inn i mora si støtte frå sosialkontoret. Dette førte til at guten, som gjekk på datalinje på vidaregåande skule, måtte venta halvtanna år før han kunne kjøpa seg ein brukt PC. For å ha råd til å fullføra utdanninga si hadde den unge guten nå flytta for seg sjølv, og ikkje blei rekna inn i familiehushaldet til mora.
Det er nesten eit heilt århundre i skilnad på desse to forteljingane. Eit århundre som har ført Noreg frå å vera eitt av verdas fattigaste land til eitt av verdas rikaste land. Diverre er det ikkje alle som får vera med på denne eventyrveksten. La oss håpa at denne type kalde og hjartelause forteljingar ikkje vil prega det nye året som me nå går inn i.
Me ønskjer alle eit godt nytt år og takk for det gamle.
Aslaug Olden Mala,
ansvarleg redaktør