Favorittdistansen vart for tøff

Andreas Hustveit har til no delteke i tre løp, og har ein 10. plass og […]

Andreas Hustveit har til no delteke i tre løp, og har ein 10. plass og to 11. plassar å sjå tilbake på. I dag, torsdag, får han vite om han får bli med på stafettlaget. Han har tidlegare uttala at det blir tøft å kome med der, sidan nivået er så høgt, men at han håpar i det lengste.

Kan få revansje på 15 km
Onsdagens 10 kilometer vart gjennomført under flotte forhold, men likevel fekk ikkje Hustveit det til å fungere optimalt. Ingen av dei andre norske deltakarane nådde opp til pallen. Den som kom nærast var Kjartan Haugen som fekk ein 4. plass.
Dersom Andreas Hustveit kjem med på stafettlaget, har han to løp til å gå. Viss ikkje er det berre 15-kilometeren igjen for ølensbuen. Då er det truleg ein svært revansjesugen Hustveit som stiller til start.