Byens ordførar er klok nok til ikkje å koma med forslag til løysingar i regionen, men i botn ligg eit klart ynskje om større einingar. Resonnementet haltar når Steen konkluderer med at me må organisera oss slik at dei offentlege tenestene skal vera så nær innbyggjarane som mogeleg.
Som venta er det liten støtte i regionen for å gjera noko med det lokale kommunekartet, og sånt sett liknar dette mest på eit soloutspel. Distriktet har mange utfordringar, spesielt innan samferdsel og næringsutvikling, og våre folkevalde bør bruka tid og ressursar på langt meir matnyttige oppgåver enn å flytta på grenser. Difor har Petter Steen jr. feil fokus med sitt utspel. Regionen har framleis mykje å henta på samarbeid over fylkesgrensa og på tvers av kommunane. Ein god start vil vera å slå saman dei to regionale råda, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Haugalandsrådet. Utvida interkommunal oppgåveløysing er å føretrekkja framfor ein opprivande og ressurskrevjande debatt om kommunesamanslåing.
Tre år etter ekteskapet mellom Ølen og Vindafjord set me igjen med fleire spørsmål om kva som er oppnådd i positiv retning. Iallfall er det uråd å sjå nokon økonomisk effekt, som var eit av argumenta i prosessen som enda med at fleirtalet av innbyggjarane så vidt vippa over til fordel for samanslåing. Lokaldemokrati med kort veg til styre og stell i bygder og grender er avgjerande for trivsel, engasjement og identitet. Det er fullt mogeleg å få til ei berekraftig utvikling og løysa oppgåver og utfordringar som ventar i framtida, utan å gå den utmattande runden om kommunesamanslåingar. Kom heller på banen med nye tankar om korleis det regionale samarbeidet kan utviklast!
Sterk historie
Den tragiske og lite kjente hendinga rundt opninga av Olalihytta for 70 år sidan er heldigvis ei av dei få alvorlege ulykkene i den populære og svært mykje nytta fjellheimen vår.