For Høgre, som ønskjer å framstå som eit parti som satsar på skule og utdanning, må det vera ei fallitterklæring å tru at elevane vil bli betre i norsk ved å kutta ut undervisning i sidemål. Ein kuttar til dømes ikkje ut ein del av matematikkundervisninga i den tru at ein skal bli betre i faget. Tvert imot.
Prøveprosjektet byrådet heller burde føreslå er at ein skal auka mengda med nynorskundervisning i skulen. Det kan skje ved å innføra undervising på nynorsk gjennom andre fag, ved til dømes å bruka undervisningsmateriell på nynorsk. Ikkje berre ville det gje flinkare elevar i nynorsk, men det ville også heilt klart vera med på å styrka hovudmålet. Ein ser det allereie i dag at elevar som har nynorsk som hovudmål, er sterkare i bokmål som sidemål enn dei som har nynorsk som sidemål. Det er nærliggjande å tru at grunnen til det ligg i at elevane får inn bokmål i store mengder kvar einaste dag frå mellom anna bøker, radio og TV. Bokmål lærer ein seg med andre ord om ein vil eller ikkje.
Om ein går ut og spør elevar om dei har lyst til å sleppa sidemålsundervisning, så vil sjølvsagt eit stort fleirtal svara ja. Dei aller fleste ville garantert også svara ja på om dei ville ha mindre naturfag og matematikk, samt kortare skuledagar.
At det er valflesket Erling Lae slenger fram, er det ingen tvil om. I Oslo vil eit parti med dette synspunkt neppe tapa veljarar. Men at veljarane bit på, er meir forunderleg. Å kutta ut undervisninga i sidemål, er ikkje opp til byrådet i Oslo å avgjera – heldigvis. Noreg har ein språkpolitikk som seier at ein skal læra både bokmål og nynorsk i skulen. Den politikken må liggja fast. Dersom Erling Lae meiner det er demotiverande for elevar å læra sidemål, bør han heller ta utfordringa med å sjå korleis ein kan klara å gjera undervisinga meir spanande. Det er meir fruktbart enn å kutta ho ut.