Med ei reisetid frå Ølen/Etne på 2 timar til Oslo, 20 min. til Haugesund, 35 min. til Stavanger og 1 time til Bergen er det klart det vil verta ein heilt annan situasjon for ut- og innpendling frå vårt distrikt, det blir på eit vis det same om bedrifta ligg i Etne eller Haugesund eller kvar ein bur langs linjenettet. Arbeidsmarknaden blir utvida, og konkurransetilhøva i forhold til bedrifter i dei store byane betre – særleg på grunn av raskare og sikrare godstransport. Den eksisterande transportnæringa i kommunane våre, som hovudsakeleg er basert på landevegstransport med lastebil og vogntog, treng ikkje bli skadelidande. Det vil framleis vera stort behov for transport av konteinarar til og frå stasjonane, og system der heile vogntog blir køyrde inn på spesialvogner er allereie godt utvikla i Europa. Kvardagane for sjåførane blir ein heilt annan med å sleppa fjellovergangar – særleg på vinteren.
Underteikna hadde den gleda å representera ink>http://www.grannar.no/
Invester i framtida
Med ei reisetid frå Ølen/Etne på 2 timar til Oslo, 20 min. til Haugesund, 35 […]