Feira flott 100 åring

Biskop Ernst Baasland, var den mest prominente gjesten under jubileumsmarkeringa i går, og han var […]

Biskop Ernst Baasland, var den mest prominente gjesten under jubileumsmarkeringa i går, og han var overvelda over kor flott kyrkja var blitt.
— Eg har kjent til denne kyrkja i 5-6 år. Sist eg såg kyrkja var det ganske mykje avflassa maling her og der, og inni kyrkja var det ikkje så godt å sjå kva motivet på altarbiletet var. No er det ei ny kyrkje, tusen takk skal de ha, sa ein rørt biskop til kyrkjelyden.
I si helsing til kyrkjelyden framheva han at det var svært tydeleg at Sandeid er ei bygd der folk tek i eit tak når det trengs.
— 3000 dugnadstimar er rett og slett imponerande!, sa han.

Korsong av små og store

Innimellom dei vanlege delene i gudstenesta, var det fleire flotte og varierte innslag. Spesielt fint var innslaget til Korinnante. Dei framførte først ein song frå renessansen, som skulle symbolisera atterfødinga av Sandeid kyrkje. «Lenge leve livet» og «Deep River» var dei to andre songane det samstemte koret framførte. Borna hadde og innslag i gudstenesta. Musikk-korpset spela blant anna Sandeid-songen og skulekoret sjarmerte med songen «Kirkeskipet har plass ombord».

Middag til alle

I høve 100 årsjubileet inviterte soknerådet heile bygda til gratis middag. Det var dekka til 350 i samfunnshuset, og vel 250tok plass rundt borda.
— Det var litt skuffande at det ikkje kom fleire, sa servitør Magne Økland.
På menyen stod det røykt svineflatbiff, og til dessert sitron- og skogsbærfromasj.
— Me begynte klokka ni i dag tidleg, då mottok me ferdig kokte poteter og varmt kjøtt frå fengselet, sa sjefskokke Gudrun Svantesvold frå Ilsvåg.
Stolte av kyrkja si
— Me er veldig stolte av kyrkja. Den er blitt heilt fantastisk, sa Olene M. Stople frå Sandeid. Også sjølve gudstenesta syntest ho var jubileet verdig.
— Det kan ikkje bli betre dette, kyrkja er blitt veldig flott, sa Øystein Helgeland som sjølv har vore med på dugnaden.