Per Rune Kolås byrjar i Sparebanken Vest om lag 1. juni, med Skånevik som kontorstad. Organisasjonsstrukturen i regionbanken er under omlegging, mellom anna fordi Sparebanken Vest opnar nytt avdelingskontor i kjøpesenteret i Etne i november.
— Kolås skal arbeida i Skånevik inntil kontoret i Etne blir opna, seier regionbanksjef Arnt Sortland.
Når Etne-kontoret er opna, vil Kolås truleg bli øvste leiar for både Skånevik-kontoret og det nye Etne-kontoret, med Etne som hovudbase.
Den nye seniorrådgjevaren i Etne og Skånevik rapporterer til Arnt Sortland, som har kontorstad i Leirvik. Han er regionbanksjef for alle Sparebanken Vest sine kontor i Sunnhordland, pluss den nye Haugesunds-avdelinga.
Banksjef Sigve Leknes i Sparebanken Vest si avdeling i Skånevik gjekk av med AF-pensjon 1. mars. Reidun Tungesvik er konstituert salssjef, og leiar Skånevik-kontoret i overgangsperioden.
Lang bankerfaring
Per Rune Kolås agg
Dagen starta med flaggheising ved elevrådsformann, Torleif Skeie, og nestleiar, Thea Lærdal. Det var trommefanfare og nasjonalsong ved musikkorpset. I storfriminuttet fekk alle elevane eit stort stykke kvar av ei diger sjokoladekake, som var pynta med hundre norske flagg. Elles var temaet for dagen gamle leikar. Elevane fekk prøve seg på leikar som å ”jeppa pinne”, klinke kuler og slå ball. Dette falt i god smak, og fleire av elevane heldt fram med desse aktivitetane på eige initiativ resten av dagen. Inne i mediateket hadde elevane laga prosjektoppgåver med hundreårsmarkeringa som tema. Dagen vart avslutta med fotballkamp; Noreg mot Sverige.
”Bob- bob- svensk”
Ein litt annleis skuledag, såg ut til å passa elevane bra. Ein gjeng frå mellomtrinnet var fort på pletten då dei fekk mistanke om at Grannar var på besøk.
— Korleis trur de at det hadde vore, dersom me framleis hadde vore i union med Sverige?
— Eg trur det hadde vore bra! Då hadde ikkje så mange mista livet i krigen, og me hadde vore eit stort kongeland!, seier Ørjan Stensland i 7. klasse.
— Trur de me hadde snakka svensk?
— Ja, men eg trur det hadde vore ein litt ”bob- bob- svensk”, seier Oliver Vestbø i 6. Klasse.