Feira med gamle leikar

Ei bunadskledd Audhild Ulland, rektor ved skulen, fortalde elevane noregshistorie frå den siste istida og […]

Ei bunadskledd Audhild Ulland, rektor ved skulen, fortalde elevane noregshistorie frå den siste istida og fram til i dag.
— Eg la ikkje spesiell vekt på tida rundt 1905, den epoken har klassane gått gjennom i forkant av feiringa. Eg tok elevane med på ei kjapp reise gjennom noregshistoria, der eg berre nemnde dei viktigaste hendingane, seier Audhild Ulland.
Kake med 100 flagg
Dagen starta med flaggheising ved elevrådsformann, Torleif Skeie, og nestleiar, Thea Lærdal. Det var trommefanfare og nasjonalsong ved musikkorpset. I storfriminuttet fekk alle elevane eit stort stykke kvar av ei diger sjokoladekake, som var pynta med hundre norske flagg. Elles var temaet for dagen gamle leikar. Elevane fekk prøve seg på leikar som å ”jeppa pinne”, klinke kuler og slå ball. Dette falt i god smak, og fleire av elevane heldt fram med desse aktivitetane på eige initiativ resten av dagen. Inne i mediateket hadde elevane laga prosjektoppgåver med hundreårsmarkeringa som tema. Dagen vart avslutta med fotballkamp; Noreg mot Sverige.
”Bob- bob- svensk”
Ein litt annleis skuledag, såg ut til å passa elevane bra. Ein gjeng frå mellomtrinnet var fort på pletten då dei fekk mistanke om at Grannar var på besøk.
— Korleis trur de at det hadde vore, dersom me framleis hadde vore i union med Sverige?
— Eg trur det hadde vore bra! Då hadde ikkje så mange mista livet i krigen, og me hadde vore eit stort kongeland!, seier Ørjan Stensland i 7. klasse.
— Trur de me hadde snakka svensk?
— Ja, men eg trur det hadde vore ein litt ”bob- bob- svensk”, seier Oliver Vestbø i 6. Klasse.