Feira opprykk

Sesongen 2005/06 starta ikkje særleg bra for Ølen sine handballdamer. Tre strake sigrar vart det […]

Sesongen 2005/06 starta ikkje særleg bra for Ølen sine handballdamer. Tre strake sigrar vart det i sesongopninga før laget byrja å sanke poeng, men til slutt enda sesongen med tolv sigrar og seks tap. Sidan Sandnes 3, som vann avdelinga, ikkje ønskjer å rykke opp, ville laga på andre og tredje plass få opprykk. Før kampane i helga låg Ølen på tredje plass og var sikra opprykk, men helgas kampar ville avgjere om Ølen vart nummer to eller tre. Laurdagens motstandar, Tastavarden, møtte aldri opp i Ølen idrettshall, og dermed kunne opprykket feirast med bowling og kinamat i Haugsund, før feiringa hald fram i Ølen om kvelden.
Spelande trenar, Jorunn Grindheim, er svært nøgd med årets sesong.
— Etter at laget hadde hatt eit år pause måtte me starte heilt på bånn i 6. divisjon, fortel ho.
— Me starta treningane fjorten dagar før seriestart og mykje av haustsesongen var dermed prega av at spelarane var usikre på kvarandre, held Grindheim fram.
— Men etter jul har samspelet vorte betrakteleg betre. Det er ein kjempekjekk gjeng å trene saman med, og nå er me mange nok spelarar. Alle stiller pliktoppfyllande på treningar og kampar, avsluttar ho.
— Med den utviklinga handballaget har vist utover sesongen skal det bli kjekt å følgje dei vidare i 5. divisjon.

Ølen sitt damelag som i helga kunne feire opprykk til 5. divisjon:
Bak f.v: Yngvild Lunde, Malin Othilie Aareskjold, Hege Johannessen, Irene Lundhammer, Heidi Haugland, Ane Eikeland. Midten f.v: Spelande trenar Jorunn Grindheim, Bente Emilie Nesheim, Lilli Hallberg, Julie Hundhammer, Anne Marte Berge.
Framme f.v. Silje Digernes og Anita Østerås Bitnes.