Den nye traseen på E 134 mellom Liaheia og Ersland i Skjold har allereie stått klar i om lag ein månad og bilistane har tatt den i bruk. Innan midten av november skal også sykkel- og gangstien til Kalvaland ferdigstillast.
— Det beste med at vegen står klar er at me får sykkel- og gangsti. For dei som budde i svingane og hadde avkjørsle opp til Fjeldheim er det ei lette med den nye traseen. Det var eit forferdeleg kryss å komma seg innpå, seier Bjørn Wannberg i Veggruppa i Erslandskrinsen Bygdalag.
Også for dyretransport og tankbilen var dette eit svært vanskeleg kryss.
— Det var ikkje oversiktleg i heile tatt, seier Wannberg.
Kampen har vore lang for familiane som bur langs strekninga Liaheia-Ersland. Nå er Wannberg svært glad for at traseen endeleg er på plass.
— Resultatet er blitt kjempebra, seier Wannberg.
Må læra kyrne
Bonde Rune Ersland har mesteparten av jordene sine på motsett side av E 134 i forhold til gards- og driftshuset. Han har berre lovord om den nye traseen som også inkluderer to undergangar.
— Dette er heilt topp. Det er stort sett når eg kjører traktor at eg kjem til å ha mest glede av vegen fordi eg nå ikkje må inn på E 134. Alt er til det betre med den nye vegen, seier Ersland, som har 20 kyr og 60 ungddyr. Også når han skal flytta dyra over frå eit beite til eit anna, slepp han nå å ta dei inn på E 134. Før måtte dei gå 50 meter langs Europavegen.
— Me måtte stansa trafikken i begge retningar. Det er ikkje godt i dag når trafikken berre aukar. Nå er kyrne litt meir ute av ferdselsåra og eg slepp å stoppa trafikken. Det betyr at eg kan flytta dei over kva tid som helst på dagen. Før kunne eg ikkje gjera det i den største rush-trafikken, seier han.
— Ei plage
Utfordringa nå er å læra kyrne til å gå den nye ruta som betyr at dei skal bruka undergangen.
— Dei må nok gå nokre gonger før dei lærer det, humrar Ersland.
Då han flytta ungdyra fredag tok han dei på gamle måten, rett over
E 134. Før han har fått opp grinder og gjerde tok ikkje Ersland sjansen på noko anna.
Gaute Jordbrekk bur ikkje langt frå Rune Ersland. Jordbrekk har nå flytta gardstunet sitt over til den andre sida av E 134 slik at han har mest mogleg på den same sida. Han driv berre med sauer nå, men hugsar godt korleis det var før då han dreiv mjølkekyrne over vegen.
— Det var ganske hektisk. Det var ei plage med trafikken og den auka berre jamt og trutt, seier Jordbrekk.
— Det er blitt mykje betre enn det var før. Nå har også ungane fått gang- og sykkelsti, seier han.
Klipper snora
I morgon skal den nye vegen, pluss sykkel- og gangstien feirast. Ordførar i Vindafjord, Reidar Håvås, skal klippa snora ved avkjørsla til Lie. Derifrå skal dei frammøtte marsjera til Ersland bedehus. Elevar som bur på strekninga Liaheia-Kalvaland får fri frå skulen for å vera med. Det får også elevar som skal spela for skulekorpset. På bedehuset serverer bygdelaget betasuppe og pølse i brød på kommunen si rekning. Her blir det talar og venteleg litt mimring frå kampen for ein betre veg.