Fekk draumejobben i Omega

Omega AS driv i korte trekk med å levere IT-system og konsulent-tenester til store olje- […]

Omega AS driv i korte trekk med å levere IT-system og konsulent-tenester til store olje- og gasselskap rundt om i verda.
— Då eg var ferdig utdanna ingeniør med mastergrad i technology management i USA, såg eg for meg å jobbe i eit fancy selskap i ein eller annan storby. Eg såg aldri for meg å ende opp i Ølensvåg, seier Olav Ingvaldsen (31) og smiler.
I litt over eit år har han no pendla frå Haugesund til kontoret i Ølensvåg. Ved Omega AS stortrivst han i jobben som utanlandskoordinator. Det vil i korte trekk seie at han administrerer det som skjer utanlands.

Eit globalt selskap
— Me held i desse dagar på med å opprette eit nytt selskap i Canada. I midten av januar reiser eg bort dit, seier han.
Det er ikkje berre i Canada Omega AS arbeider. Selskapet i Ølensvåg har personale over heile verda. Der det er olje og gass, der er også Omega AS. Forutan hovudkontoret i Ølensvåg, har selskapet også eit kontor i Stavanger. Utanlands har dei personale både i Venezuela, Australia, Tyskland, Dubai, Indonesia, Kazakstan, Spania, England og Nederland.
— Dotterselskapet vårt Omega Project Solutions Inc. har base i Houston, Texas, så der er eg ein god del, seier Olav Ingvaldsen.
— Eg fekk jobbtilbod tredje juledag for to år sidan. Då var eg nett starta på mastergraden min, men vurderte aldri å takke nei. Ein jobb i Omega AS er ein sjanse ein må ta, seier Håvard Ravatn (25) frå Ølen. Han arbeider som systemingeniør.
— Kva er det beste ved å arbeide i Omega AS?
— Det trur eg må vere at me slepp å gå gradene for å få dei spanande jobbane. Her får me tillit frå dag ein. Me får prøve nye ting og reise rundt i verda, seier Håvard Ravatn.
— I Omega AS er dei tilsette i svært stor grad ein del av produktet. Når arbeidsgjevaren viser oss så mykje tillit som dei gjer, blir både innsatsen og lojaliteten til Omega AS stor frå dei tilsette. Det igjen fører til at me gjer ein god jobb, og selskapet får gode kundeforhold, seier Olav Ingvaldsen.

Supert miljø og gode vilkår
— Forutan svært gode tider innan olje og gass, kvifor trur de at Omega AS går så godt?
— Det at Omega AS leverer både system og konsulenttenester trur eg er ein bra mix, og så er samansettinga av oss som jobbar her brei og litt utradisjonell, seier Håvard Ravatn.
— Eg trur det òg kan ha å gjere med den store tilliten me har hos kundane og at me leverer eit solid produkt, seier Olav Ingvaldsen.
— Korleis er arbeidsmiljøet?
— Heilt supert! Her er det mykje hyggelege folk. Leiinga er flink til å finne på ting som me kan gjere utanom arbeidstid. Det er veldig viktig i og med at me er spreidde rundt om i heile verda. Me har mellom anna vore med på Tromsø Midnight Sun maraton, og kvart år deltek me på Holmenkollstafetten. Gjennom heile året får me tilbod om bowling, volleyball og fotball. I pinsen skal me saman med partnar på tur til Island, seier Håvard.
Vilkåra elles er også svært gode. Lønnsmessig ligg dei noko over det andre i same stilling får, og både feriehus i sydlege strøk og hytter på fjellet er til deira disposisjon. Det er ingen tvil om at ein jobb i Omega AS ligg tett oppunder draumejobben.