Fekk ikkje vinmonopol

Handelsstanden i Etne og Ølen har bak seg ein nesten 15 år lang kamp for […]

Handelsstanden i Etne og Ølen har bak seg ein nesten 15 år lang kamp for å få vinmonopolutsal. Utan tildeling i denne omgangen, blir Etne og Ølen først aktuelle med pol i 2010.
I følgje kommunikasjonsleiar Halvor Bing Lorentzen i Vinmonopolet, stiller dei spørsmål om nye ordinære butikkar er drivverdige økonomisk. Difor skal dei evaluere prøveprosjektet med såkalla butikkfilialar som kan vere meir aktuelt i åra framover.
Styret i Vinmonopolet vedtok at desse stadene skal få utsal i 2009: Vikna i Nord-Trøndelag, Malvik i Sør-Trøndelag, Vestnes i Møre og Romsdal, Klepp i Rogaland, Kristiansand i Vest-Agder, Nes i Buskerud, Oslo Aust og Sør-Odal i Hedmark.