— Det ordnar seg nok. Ho er ikkje heilt klar enno, seier Svein Skare, eigaren av hoppa Tira Torpedo.
— Lunner Gråen er ein erfaren hingst. Han ser situasjonen an og har ingen hast, seier Inge Kaldheim.
Ingen grunn til å presse hestane meiner dei to, og slepper hoppa og hingsten inn i innhegninga.
Seinare på dagen skal dei på beite.
Utruleg hest
Svein Skare frå Vats kjem til Kaldheim med Tira Torpedo. Der står premiehingsten Lunner Gråen som skal sørgje for god utvikling for fjordhesteslekta i distriktet.
Den spesielle grå hingsten er i teneste for Indre Sunnhordland Fjordhestlag denne sommaren og hausten. Han kjem frå Gudbrandsdal Fjordhestlag og er ein reisande rundbrennar som skal hindre innavl blant fjordhestane.
Men så er han også eit prakteksemplar av ein hingst som tilfører avkommet gode eigenskapar.
— Det er ein heilt utruleg hest å arbeide med. Det er ikkje alle som taklar oppdraget på ein så roleg måte som Lunner Gråen, seier Inge Kaldheim.
Han er leiar for Indre Sunnhordland Fjordhestlag og er vert for hingsten med det spesielle oppdraget.
Går til utlandet
— Vi ønskjer eigentleg å kjøpe hesten. Men det er kjøparar på banen både i Tyskland, Nederland, Danmark og Sverige. Det er snakk om pris og det skjer alt for ofte at kvalitetshingstar blir kjøpte ut av landet for tidleg, seier Kaldheim.
Det er uheldig når fjordhestfamilien er relativ liten. Den er større i utlandet enn i Noreg. Medan det her i landet blir bedekka 350 fjordhesthopper i året, er det tilsvarande talet i utlandet 800-900. Fjordhesten er blitt internasjonal. Det er også hestane til Svein Skare eit døme på. Tira Tornado er mor til Knallfin som vart seld til Erling Lorentzen og prinsesse Ragnhild i Brasil.
Sjeldan farge
— I Danmark avlar dei fram meir varmblodspreg. Det er ei utvikling eg ikkje likar. Her i Noreg tar vi vare på det litt tunge fjordhestpreget, seier Kaldheim.
I Danmark vil dei at fjordhesten skal vere meir høgføtt og langhalsa.
Lunner Gråen er oppdretta på Karmøy, medan faren er frå Hedemark og mora frå Hallingdal. Gråfarge på fjordhest er relativt sjeldan og er i ferd med å gå ut.
— Dei er veldig ettertrakta av den grunn, og det er dobbel pris for eit føl med denne fargen, fortel Svein Skare.
Skryteboka til Lunner Gråen er det ingenting å utsetje på. Han har vore på landsmønstring på Nordfjordeid både som treåring og femåring med dei beste skussmål.
Det er også grunnen til at han er reisande i brunstige hopper. På tre sesongar er han blitt far til 70 føl.
Lunner Gråen gir katten i poengsummar for eksteriør og lynne; jobben er å kome på talefot med Tira Tornado.