Både rådmann og sosialleiar frårådde å gi utandørs skjenkeløyve av omsyn til naboane til puben. Fleire politikarar meinte likevel at det var andre sider å fokusere på i saka, og både Høgre, Ap og Sp gjekk inn for utandørs skjenkeløyve ved pubinngangen til klokka 23.00. Dette var også i tråd med tilrådinga lensmannen hadde gjeve.
— Me er opptatt av naboane, men også av dei næringsdrivande og av at me skal ha levande bygder, sa Jan Ove Stople (H).
Han framheva at kafeen trass alt ligg i sentrum, og han meinte vidare at busetnaden der ikkje er særskilt tett.
— Me trur ikkje dette skulle bli verre i Sandeid enn andre stader, sa han vidare, og la fram forslag til vedtak som erstatta rådmannen sitt forslag.
Sp-representantane var samde, men meinte samstundes at det burde satsast på å skjerme naboane.
— Eg deler innvendingane mot uteservering i bakgarden, men eg vil likevel støtte at det blir gitt. Det burde vere i eigaren av puben si interesse å skjerme sin stad så godt som rå mot naboane, sa Åsmund Kalstveit (Sp).
Hans Ilstad jr. (Sp) var ikkje betenkt på å støtte forslaget frå Høgre.
— Eg støttar deira forslag fullt ut. Her har me ein ung person som vil få til noko, framheva han, og sikta til kaféinnehavar Ann Olaug Byggstøyl. Han lurte på om ein restriksjon på talet på dagar med uteservering kunne vere eit tiltak for å verne naboane.
Tverrpolitisk liste og KrF var klart mot å gje skjenkeløyve, og dei peika på at området kring pubinngangen ligg tett til bustadhus og at menneskelege omsyn burda takast. Desse blei høyrde med seks stemmer.
Fekk skjenka ute
Både rådmann og sosialleiar frårådde å gi utandørs skjenkeløyve av omsyn til naboane til puben. […]