Fekk tøff start

— Eg syntest vi gjorde ein god kamp. Var på forhand klar over at det […]

— Eg syntest vi gjorde ein god kamp. Var på forhand klar over at det kunne bli vanskeleg å slå dette austeuropeiske laget som hadde mange klassespelarar. 15-åringene har grunn til å vere stolte over at dei hang så bra med som dei gjorde, seier Bjarne Sævareid. Han har det sportslege ansvaret for den samansveisa gjengen.
Tenåringane har hatt mykje å juble for opp gjennom åra. I fjor nådde dei KS-finalen og i sommar har dei kvalifisert seg for 1. divisjonsserien i Rogaland. Det og Dana Cup er sesongens store mål på fotballfronten. Etne-gutane har forhåpningar om å prestere i varmen i Hjørring. Målet er å kvalifisere seg for A-sluttspelet som startar i dag. For å komme dit må Etne ta poeng i sine to siste innleiande kamper.
Jamspelte
— Heradsbygd og svenske Åkø er dei andre laga i vår pulje. Desse klubbane har vi heller ingen kjennskap til, seier Sævareid til Grannar. Han berømma sine disiplar for god innsats i opningskampen. Etne hadde ikkje marginane på si side i det tette og jamspelte oppgjeret. 1991-årgangen var med på notane heilt til fløyta gjekk for full tid. Fem minuttar før full tid stod det fortsatt 0-0. Amund Ekrheim hadde for øvrig ein kjempesjanse rett før austeuroperane tok leiinga. Lagets toppscorar var aleine med keeper utan å få utteljing. I dei hektiske sluttminuttane måtte keeper Christoffer Skjølingstad til slutt kapitulere.
Den unge burvaktaren kan likevel ikkje lastast for måla. Han gjorde i likheit med lagkameratane eit solid inntrykk. Lagkaptein Stig Drange var tent på å revansjere seg i går. I fleire veker har dei unge etnebuane sett frem til Dana Cup. Trenaren var ikkje framand for at enkelte hadde sommarfuglar i magen då dei førebudde seg til opningskamp. Spenningsnivået var nok litt høgare enn det brukar å vere. Det tok ikkje mange minuttane før dei hadde løpt av seg det verste. Først og fremst er det høvet til å få oppleve noko nytt som har lokka Etne til nabolandet. I Dana Cup får dei møte både norske og utanlandske lag. Det er jamt over langt betre kvalitet på banene som blir nytta der enn i norske turneringar.