Hordameister på Fikse

Hordakrinsen hadde i helga ungdomssamling på Fikse og i samband med denne vart det skipa […]

Hordakrinsen hadde i helga ungdomssamling på Fikse og i samband med denne vart det skipa til skogsløp med feltskyting i baneområdet. Dette er ei nokså ny konkurranseform innan DFS, og det var fyrste gong at det vart arrangert i Sunnhordland Skyttarsamlag. Dette samlaget omfattar også kommunane Ølen og Vindafjord i Rogaland. Jan Magne Helland frå Fana skyttarlag var med for å hjelpe skyttarlaga med arrangementet.
— Ein del vart nok litt skremde av vêrmeldinga for helga og våga ikkje melde seg på, mens dei som hadde meldt seg på såg det dårlige vêret laurdag og søndag og trekte seg med tanke på våte myrar og vanskelige løpsforhold, seier Helland,
som hadde håpa på førti femti deltakarar, men er likevel nøgd med dei vel tretti som kom.

Far og dotter skyt blink
I seniorklassen var det åtte påmelde, men berre to stilte til start. Dei sprang om lag ti kilometer og skaut 5 x 6 skot. Det vart mange harde tak ute i myra, men til slutt var det fjorårets hordameister, Magnar Helgesen, som drog det lengste strået. Han var fyrst i mål på løpet og med berre fire bom, var sigeren hans.
— Siste runde var verst, løypa var veldig våt og me sokk ned i myrene, elles gjekk det bra, sa ein sliten, men nøgd Helgesen etter løpet.
Etter at seniorklassen var ferdig, var det rekruttane sin tur. Dei skulle springe 1,5 kilometer og skyte 2 x 6 skot. I denne klassen var det ei jente som stilte til start saman med alle gutane. Ho hadde nok fått ekstra giv etter å ha sett far sin, Magnar Helgesen, vinne sin klasse og som far så dotter. Stine Mari Helgesen skaut seg inn blant dei beste og kunne saman med faren feire sigeren heile vegen heim til Voss.
— Eg har drive med skiskyting i rundt to år og vil satse på det ei tid, vanleg feltskyting har eg drive med sidan eg var 10 år, altså i fire år, seier Stine Mari Helgesen.
— Det er ikkje så mange jenter i skyttarmiljøet og her var det ekstra få, men eg synest det er kjempegøy. Dette har vore ei utruleg bra samling, me har lært mange ulike skytestillingar og hatt ein del teori. Laurdagskvelden var me i Skånevik Idrettshall og fekk prøve oss i klatreveggen, knall bra, smiler ho.
Det var fleire klassar som skulle ut og ein kunne høyre skot frå banen langt utover søndags ettermiddvar ikkje framand for at enkelte hadde sommarfuglar i magen då dei førebudde seg til opningskamp. Spenningsnivået var nok litt høgare enn det brukar å vere. Det tok ikkje mange minuttane før dei hadde løpt av seg det verste. Først og fremst er det høvet til å få oppleve noko nytt som har lokka Etne til nabolandet. I Dana Cup får dei møte både norske og utanlandske lag. Det er jamt over langt betre kvalitet på banene som blir nytta der enn i norske turneringar.