Skulen skal erstatta dagens tre ungdomsskular i Skjold, Vikedal og Ølen. Samanslåinga skal gjerast, ikkje for å spara pengar, men for å få ein moderne og pedagogisk tidsrett skule blir det sagt.
Motivet er i utgangspunktet edelt nok, men truleg ligg det også ein tanke om ein framtidig effektiviseringsgevinst bak. At denne typen forslag kjem opp som etterdønningar etter samanslåinga, er ikkje anna enn å forventa. Spørsmålet er om det er eit godt tiltak eller ikkje.
Å slå saman dei tre ungdomsskulane i Vindafjord vil medføra at ein får svært mange ungdomsskuleelevar samla. Det kan vera positivt med tanke på at ein får eit større fagmiljø og miljø for elevane, men samstundes er det stor fare for at elevmiljøet blir påverka negativt. Det ser ein alt i dag på store ungdomsskular. Med fleire elevar samla vil også lærarane truleg få mindre tid til kvar elev, noko som igjen vil gå utover læremiljøet.
No vil ikkje ein felles ungdomsskule i Vindafjord bli større enn mange av dei ungdomsskulane ein har i Noreg i dag, og difor er det ikkje sikkert at det vil vera dårlegare for elevane. Likevel er det nærliggande å tru at det vil få fleire negative konsekvensar enn positive for elevane, som trass alt er dei viktigaste å tenkja på i denne saka.
Eit anna moment som talar sterkt mot ein stor ungdomsskule er at mange av elevane vil få lenger veg å pendla for å koma til skulen enn i dag. Det vil verka negativt inn for mange. I tillegg vil det bety mykje for dei bygdene som mistar ungdomsskuletilbodet. Det positive er på den andre sida at alle elevane får skifta både skule og lærarar etter barnetrinnet.
Samla sett vil ein stor ungdomsskule i Vindafjord likevel vera ei dårleg løysing. Ved ei samanslåing vil også hovudfokuset for mange vera på det økonomiske og å spara pengar på drifta, og ikkje læremiljøet. Då blir iallfall ei samanslåing gjort på feil grunnlag.