Leseplikt
I dag har lærarane eit bestemt timetal ein skal undervisa (leseplikta). Leseplikta bestemmer difor også kor mange lærarar det minst må vera på ein skule.
Motparten vår, Kommunenes Sentralforbund (KS), som m.a. representerer Etne kommune, vil ta bort dette vernet. I krava sine krev KS at timetalet lærarane skal undervisa skal avgjerast i den einskilde kommune og på den einskilde skule. Når ein veit korleis det står til med kommuneøkonomien og presset mot stadige nedskjeringar i skulen, er faren stor for at dette fører til færre lærarar i skulen.
Sparetiltak
Etter at sentrale reglar for elevtal pr. klasse vart oppheva, har me sett at ein del kommunar har utnytta dette til sparetiltak med å laga store elevgrupper. Skal me oppretthalda fellesskulen og sikra at alle elevar får eit likeverdig opplæringstilbod uavhengig av kor dei bur i landet, må det vera sentrale styringsreiskapar som sikrar ressursane i skulen.
Kvart år under budsjettarbeidet i kommunane, er det press på å skjera ned ressursane til skulen. Når ein veit at det som ikkje er lovpålagt ofte står først til hogg, er det viktig å halda på nasjonale standardar.
Mindre tid til å førebu undervisninga
Eit anna krav frå KS er at lærarane skal bruka meir tid på skulen på tider av året då elevane ikkje er til stades. No arbeider me éi veke utover elevane si undervisningstid. Kravet frå KS er at me skal arbeida 4 veker når elevane har ferie. Dvs. at lærarane skal ha mindre av arbeidstida si i den tida elevane er på skulen og bruka meir tid når elevane har ferie. Dette rimar ikkje med ynskje om at mest mogeleg av arbeidstida skal vera retta mot elevane. Når KS i tillegg vil auka timetalet kvar lærar skal undervisa, fører dette til mindre tid til å førebu god undervisning.
Difor er kampen me står i no like mykje ein kamp for eit likeverdig opplæringstilbod til alle elevar som ein kamp for opparbeidde rettar.
Utdanningsforbundet Etne
Dagfinn Garnes-Johnsen
– lokallagsleiar –