Fem år med post i butikk

Omlegginga til Post i Butikk er den største i Posten si historie. Då omlegginga fann […]

Omlegginga til Post i Butikk er den største i Posten si historie. Då omlegginga fann stad for fem år sidan, vart dette gjort for å auka lønsemda og for å gi kundane eit betre tilbod med lengre opningstilbod.
Dette siste har Posten lukkast med, seier konserndirektør Erik Johannessen i Posten.
— Kundane er stadig meir nøgde med Post i Butikk. I starten var mange skeptiske, men all erfaring viser at Post i Butikk dekker eit behov for privatmarknaden og kundane roser opningstid og god tilgjengelegheit, seier han.
Undersøkingar viser også at mange Post i Butikk har opplevd ei omsetningsauke etter at dei fekk post.
Post- og teletilsynet har konkludert med at Post i Butikk er eit fullverdig tilbod til postkundane.
Posten har i dag 327 postkontor og 1.196 Post i butikk. Då omlegginga starta i 2001 hadde Posten 900 postkontor og omlag 400 filialar. Dette viser at Posten har ei auke på over 200 poststader samanlikna med år 2001.