Fem bønder blir til to

Mange bønder er usikre på om dei har store nok bruk til å overleve og […]

Mange bønder er usikre på om dei har store nok bruk til å overleve og er redde for å hoppe ut i det med nye investeringar. Fem bønder på Austrheim, Sørheim og Steine tar kravet om vekst og rasjonalisering på alvor.
Av det som tidlegare var fem heiltidsbønder, skal no to av dei drive vidare med mjølk og storfe i ei samdrift. Dei tre andre skal hente hovudinntekta frå anna arbeid.

Jærsk sus
Det blir litt jærsk sus over ei mjølkekvote på over 500.000 liter og rundt 80 kyr som skal passere mjølkegrava morgon og kveld. Samdrifta tar over all aktivitet som gjeld storfe på dei fem gardane, og det blir plass til 200 ungdyr i tillegg til kyr. Det er den største samdrifta i distriktet så langt
I Steinshagen mellom E134 og Etneeleva ser Reidar Berge og Rune Sørheim ut over eit jorde der dei skal byggje ein driftsbygning på 2.300 kvadratmeter.
Her skal dei to bøndene leggje ned nærmare 8,5 millionar kroner i Steinshagen samdrift.
— Klart det er mykje pengar. Men fagfolka meiner det skal gå bra. Det blir eit overskot dersom staten ikkje gjer noko drastisk med rammevilkåra. Det er eit anten eller for oss, og ein må vere modig og satse litt, meiner Berge.
Ut i jobb – færre igjen
Samdrifta er svaret på at vekslande landbruksministrar krev stadig større effektivitet og nytenking i landbruket. Framtidsmusikken i Vestlandsjordbruket kan bli store samdrifter der mange bønder blir passive deltakarar og skaffar seg anna arbeid. Det som tidlegare var solide bruk i den nest største jordbruksbygda i Hordaland, kjenner i dag kniven på strupen.
— Å gå saman i ei slik samdrift er ein prosess som må mogne. Eg trur alle partane opplever det som ei god løysing. Vi er ikkje i mål med alt enno, men eg ser i dag ikkje noko som skal hindre at Steinshagen samdrift kjem i gang, seier Rune Sørheim.
Målet er at det skal stå ferdig eit nybygg neste haust og at samdrifta kjem i gang før dyra skal inn for vinteren.
Yngste satsar
Reidar Berge og Rune Sørheim er midt i trettiåra, og dei tre andre i samdrifta, Jostein Kringlebotten, Johannes Kringlebotten og Lars W. Haaland er 10-20 år eldre. Det er dei to yngste som skal satse som bønder og ta risikoen med å investere.
Rune Sørheim har vore fulltidsbonde i ti år, medan Reidar Berge arbeider på Etne bygdemølle. Foreldra hans driv garden på Steine, og han skal ta over drifta og bli fulltidsbonde når samdrifta er i gang.
— Skal eg overta, er samdrift einaste alternativet. Det må til investeringar og det er ikkje garden stor nok til. Foreldra mine kunne investere og samstundes leve av garden. I dag går det ikkje, seier Berge.
— Det ville heller ikkje vere nok at eg og Reidar gjekk saman i samdrift. Det ville berre vere arbeid for ein av oss dersom vi skulle ta ut brukande inntekt, seier Sørheim.
Samdrifta må med andre ord hente ut ein gevinst ved at færre gjer jobben og det dermed ikkje er så mange som før som skal ha ei arbeidsinntekt.
Hoppe i det
Dei fem bøndene får eit fastsett beløp for kvar liter kvote dei går inn i samdrifta med. I tillegg skal samdrifta kjøpe fôr frå kvar gard. Når så kapitalutgiftene er trekte frå, sit ein igjen med overskotet for dei to aktive bøndene.
Verken WTO-forhandlingar eller skiftande politisk fleirtal skremmer samdriftsbøndene.
— Det usikre har alltid vore tema i landbruket. Sit ein på gjerdet for å sjå kva som skjer rundt neste sving, kjem ein ikkje vidare. Ein må hoppe i det trass i om mykje ser usikkert ut, seier Rune Sørheim.
Samdrifta skal ha ein langsiktig avtale på 20 år.

Går ut i jobb

Ein har fått seg jobb i reklamebransjen, og ein annan i garveri. Gjennom passiv deltaking i samdrift får dei ein time-out for garden.

— Det er betre å sikre solid levebrød for to enn at mange går konk. Skulle vi tenkje tradisjonelt var sikkert svaret at vi burde drive aktivt alle saman. Men no er situasjonen ein annan, og inntektsgrunnlaget for garden er ikkje som før. Vi må også fornye bygningane, seier Johannes Kringlebotten.
Saman med Jostein Kringlebotten og Lars W. Haaland skal dei bli passive aktørar i den planlagde Steinshagen samdrift og satsar på å skaffe inntekta si andre stader.
Dei tre gardbrukarane som snart skal setje kroken på fjøsdøra, legg stor vekt på at sjølv om dei blir passive bønder, har garden ikkje gitt frå seg mjølkekvota og bøane blir slått som før. Dermed blir verken bruka eller bygda tappa for verdiar.
Alle tre stiller spørsmål om det er verd å investere i det som tidlegare var gode levebrød i Etne-jordbruket. Dei står framfor eit vegskilje der det er behov for eit generasjonsskifte i driftsapparatet, og dei konkluderer med at tida er inne for å kaste inn handkledet, i alle fall delvis.
Frå fjøs til reklame
Johannes Kringlebotten (46) skal inn i samdrifta med ei kvote på 133.000 liter mjølk og han har hatt jobb som konsulent i Haugesund Reklame i eit halvt år. Han har drive gard i 25 år, og tok heilt over drifta i 1990.
Ved årsskiftet sluttar han med mjølkeproduksjonen og skal ha sovande kvote fram til samdrifta kjem i gang.
— Eg har tre jenter og eg trur ikkje nokon av dei har tenkt å mjølke i Etne. Dei har funne seg andre retningar å gå.
Bonde fullt og heilt
Lars W. Haaland (54) har i snart eitt år reist på jobb hos Granberg Garveri i Ølensvåg i tillegg til at han driv med mjølkeproduksjon. Slaktegrisen har han kvitta seg med for at det ikkje skal bli for mykje arbeid. Han skal ha kyr og slaktedyr fram til samdrifta kjem i gang neste haust.
Han går inn i samdrifta med eit kvote på 76.000 liter pluss at han har meldt inn ønske om kjøp.
— Driftsbygningen er frå 1982 og eg står framfor nye investeringar som garden er for liten til å ta med dei effektivitetskrava som er. Det er ikkje attraktivt å arbeide frå morgon til kveld og ha lite igjen for det. Når ein blir eldre blir fritida også meir verdfull, seier Lars W. Haaland.
Hans filosofi er å vere bonde fullt og heilt, eller å la vere. Med ansvar for berre graset pluss jobb, har han funne balansen.
Han har ei jente på 22 og ein gut på 16 som ikkje er aktuelle til å ta over i overskodeleg framtid.
Skal skaffe jobb
Jostein Kringlebotten (50) er framleis bonde på heiltid. Fram til neste haust skal han skaffe seg ny jobb og seie farvel til dyr på båsen. Vurderinga hans av gardsdrifta er ganske identisk med dei to andre. Invester eller forsvinn.
— Dette er ein måte å halde drift på garden samstundes som eg får litt inntekter. Mjølkekvoten blir på garden og i bygda. Garden er i drift sjølv om ikkje det er dyr i fjøset. Å ha jobb utanom for å kunne drive gard, blir for gale. Eg har prøvt det også. Nesten aldri fri og dårleg samvit dersom ein har fri. Det er alltid noko som skulle ha vore gjort. Eg synst samdrift er ein grei måte å kome ut av det på, seier Jostein Kringlebotten
Han tok over garden i 1989 og går inn i samdrifta med 85.000 liter i kvote. Det er fem jenter og ein gut i familien, men ingen er aktuelle til å ta over med det første. Eldstejenta på 22 er ikkje interessert i å ta over, og den mest interesserte er guten på 10.