Fem i intervju til rådmannsjobb

Fem av dei 19 som vil bli rådmann i Etne går vidare til intervju hos […]

Fem av dei 19 som vil bli rådmann i Etne går vidare til intervju hos konsulentfirmaet Headviser i Bergen i dag. Der skal også ordførar Amund Enge og varaordførar Siri Klokkerstuen delta saman med hovudtillitsvald Dagfinn Garnes Johnsen.
Av dei offentlege namna er det berre konstituert rådmann Elling Hetland som er blant dei fem som er kalla inn til samtale.

Lokk på
Under halvparten av søkjarane vil ha namnet sitt offentleggjort, og det er blitt godtatt av ordførar Amund Enge. Han vil heller ikkje opplyse kven som er kalla inn til intervju i første runde. Med denne strategien der søkjarane får bestemme om dei skal vere offentlege eller ikkje, kan det vere at det aldri blir offentleg kjent kven som konkurrerte om å bli rådmann i Etne. Men det trur ikkje ordførar Enge blir utfallet av den vidare prosessen.
— Eg reknar med at fleire vil vise korta etter denne første intervjurunden. Men eg er innstilt på å respektere dei som ikkje vil ha det offentleg at dei søkte på denne stillinga, seier Enge.
Han er ikkje uroleg for at det skal bli ein for lukka prosess utan innsyn i korleis Etne skaffar seg ny rådmann.
Enge utelukkar heller ikkje at det kan bli fleire enn dei fem som blir kalla inn til samtale.
— Vi har fått mange gode søkjarar, så det er kvalifiserte blant dei som ikkje er kalla inn. Om vi skal vurdere fleire får vi svar på på måndag, seier han.
Det er ingen kvinner som har søkt jobben etter tidlegare rådmann Marit Elise Mølstre som i praksis vart tvinga til å seie opp stillinga i sommar.
— Eg trur i alle fall ikkje det har noko med denne saka å gjere. Eg har ikkje noko svar på kvifor ingen av dei er kvinner, anna enn at det er ein tøff jobb, seier ordførar Enge.

Rådmann og ekspolitikar
Blant dei sju som har søkt stillinga med opne kort, er ikkje uventa konstituert rådmann Elling Hetland. Av kjente namn er også tidlegare profilert politikar i Ølen, Terje Hermansen. Dagleg leiar på Fugl Fønix Hotell, Asbjørn Moe, er også blant søkjarane.
Dei to ledige rådmennene etter kommunesamanslåinga i Ølen og Vindafjord er ikkje på søkjarlista. Verken rådmann Arild Karlsen i Ølen eller rådmann Gerd Ingunn Opdal i Vindafjord har ønskt å søkje på stillinga.
Fire av søkjarane har rådmann erfaring frå tidlegare.