Fengde sitt publikum

Velkomsten til Etne kino stod i magiens teikn denne kvelden. Ei heks, alias Martha Gro […]

Velkomsten til Etne kino stod i magiens teikn denne kvelden. Ei heks, alias Martha Gro Kaldheim Håland, ynskte kinogjestene velkomen med fargerike trylledrikkar. Dette visste dei frammøtte å setje pris og forsynte seg godt av dei spanande drikkevarene.
Før filmen starta delte kinosjef Berit Rafdal og heksa ut Harry Potter effektar til nokre heldige kinogjester.
Skummel for dei yngste
«Harry Potter og eldbegeret» er av mange kalla, den beste Harry Potter- filmen til no. Det er fleire grunnar til det. Film nummer fire er meir vaksen enn sine forgjengarar og fengjer eit breiare publikum. Denne filmen har 11 års-grense, med fråråding om at yngre ser filmen. Denne frårådinga bør foreldre ta på alvor. Filmen er skummel. Som vaksen kvepp ein ved fleire høve høgt i stolen.
I korte trekk handlar filmen om at Harry Potter er med i Tretrollmannsturneringa. Den unge magikaren må mellom anna overvinna dragar og puste under vatn for å kome seg heilskinna gjennom. Det blir lova heider og ære til vinnaren, men kanskje også døden dersom ein ikkje klarar utfordringa.
I filmen er Harry Potter nå blitt tenåring. Forelsking, hormon og kjensler har kome inn i livet magikaren. Dette, samt farlegare utfordringar, gjer at filmen frå å vera ein eventyrfilm for born, har endra seg til ein djupare film, som også fengjer vaksne.
Rar slutt
Nina Berge (15) og Mona Hegerland (15) frå Ølensvåg var blant dei som såg filmen under fredagens verdspremiere.
— Eg synes filmen var bra, men at det var ein veldig rar avslutning. Den øydela litt synes eg, seier Mona Hegerland.
Nina Berge (15) hadde og lese boka, og syntes at filmen mangla fleire ting som ho syntes kunne blitt med.
— Eg likte filmen veldig godt, men er einig med Mona i at avslutninga kunne vore annleis, seier ho.
Kinosjef Berit Rafdal fortel om gode besøkstal.
— På premieren var det heilt fullt, og det var også ein god del som såg filmen klokka 22 på fredag og på laurdag. Til saman er det no omlag 450 som har sett filmen i Etne, opplyser Berit Rafdal søndag formiddag.
Filmen blir å sjå på Etne kino også komande veke. «Harry Potter og eldbegeret» er ein god film som er vel verdt å få med seg.