Fersk Hordameister

Arve Drange gjekk til finalen i eldre rekrutt, med eit poengs leiing på konkurrentane. Med […]

Arve Drange gjekk til finalen i eldre rekrutt, med eit poengs leiing på konkurrentane. Med is i magen skaut Arve likså godt ti blinkskot. Med 350 av 350 mogelege poeng, var sigeren i hamn.
— Det var skikkeleg jamt og spanande. Sigeren smakte ekstra godt sidan eg ikkje fekk det heilt til i finalen i fjor, seier han og smiler. Til trass for at det ikkje er fleire på hans alder som driv med idretten i Ølen trivs han i skytemiljøet.
— Frå Ølen er det meg og tre andre som alle er over sytti år, som driv med idretten. Eg held meg mykje i lag med skyttarar frå Etne som er på min alder, seier Arve Drange.

Fullt premieskåp
To blanke medaljar og eit flott diplom er bevis på at Arve Drange slo til og vann sin klasse under helgas Hordastemne. Skyting har han drive med i omlag fem år.
— Kvifor valde du nett denne idretten?
— Eg har diagnosen blødar, og kan difor ikkje drive med kontaktidrettar. Eg prøvde skyting og likte det, seier femtenåringen frå Ølen, som trenar opptil to gonger i veka.
At Arve valde rett idrett, er det fulle premieskåpet på guterommet eit sikkert bevis på.

Landskyttarstemnet neste
Sommarens store høgdepunkt for Arve er landskyttarstemne i Lesja i Gudbrandsdalen. Han freista lukka i fjor og men det gjekk ikkje vegen.
— Eg vonar det går betre i år. I fjor gjekk det heilt skeis, seier han. Med seg tar han familien, som er ivrig heiagjeng. Dei var også med til Os, då skyttarsonen henta heim Hordameistertittelen.
— Har de fått feira sigeren då?
— Nei, eigentlig ikkje. Me tok ei minifeiring med litt full-fart-mat på eit gatekjøkken fordi me hadde det så travelt, seier han og ler.