Det var stolte barn og tilsette som hadde invitert til opning av Småfolk barnehage på Grønstad tysdag. Foreldre og representantar frå kommunen fekk sjå og høyre korleis kvardagen er i den siste tilveksten på barnehagefronten i Etne.
Småfolk barnehage blir leia av styrarane Aud Lauareid Hovda og Anne Grethe Rullestad. Med seg har dei assistentane Bodil Hustoft og Solaug Eljarvik.
Barnehagen kom i drift 2. august i år. Grunnen til at dei har venta ein månad med den offisielle opninga, fortel dei er at dei ville bli litt kjende med barna først.
Førskulelærarane Aud Lauareid Hovda og Anne Grethe Rullestad fortel at det nå er ein draum som har gått i oppfylling.
— Vi har gjennom dei siste fem, seks åra snakka om kor kjekt det ville vere om vi kunne starte med vår eigen barnehage, fortel dei.
Og når skulen på Grønstad vart lagt ned, opna det seg moglegheiter, som nå er realiserte.
— Skulebygget passar veldig godt, og barnehagen er blitt slik me ønskjer det, fortel dei.
18 barn i alderen null til seks år har frå starten fått plass i Småfolk barnehage. Desse kjem frå Åkrafjorden, sentrum og andre stader i kommunen.
— Dette er veldig bra, og har ein god margin til det vi måtte ha for å starte opp, seier Aud Lauareid Hovda. Men det er plass til fleire barn her, barnehagen er godkjend for 24 heildagsplassar.
Fest for småfolk
Det var stolte barn og tilsette som hadde invitert til opning av Småfolk barnehage på […]