Festar grepet i daglegvare

Kjøtprodusenten sitt fjorårsresultat viser at omsetnaden auka med nesten 160 millionar til ein omsetnad på […]

Kjøtprodusenten sitt fjorårsresultat viser at omsetnaden auka med nesten 160 millionar til ein omsetnad på nærare 1,6 milliardar kroner i 2003. Konsernsjef Leiv Malvin Knutsen legg ikkje skjul på at han er glad for utviklinga, men han vi heller ikkje overdrive posisjonen i marknaden.
— Ein auke på 20 prosent hjå oss fører ikkje til dei store skakingane i marknaden. Me har gått frå å ha kring seks prosent til sju prosent av marknadsdelen, seier han.
Konsernet har no kring elleve prosent marknadsdel på slakt og sju prosent på daglegvare.
— Me har gjennom mange år hatt ei jamn auke i slaktevolum både i Ølen, Jæren og Oslo, som er dei tre plassane der det slaktast. Dette kjem av at me har fått til eit godt og tillitsfullt samarbeid med leverandørar, i tillegg til at me har greidd å ha konkurransedyktige vilkår og høgt servicenivå, seier Knutsen.
Marknadsdelen på slakt har gått fram kring tre prosent dei siste fem åra.
Auken har også vore jamn innan daglegvaremarknaden, denne tar no i mot kring 60 prosent av produksjonen hjå Fatland.
— Me har jobba målretta dei siste åra for å få fotfeste i dei ulike daglegvarekjedene. I denne perioden har me hatt ein jamn auke. Me har no forretningssamband med alle dei fire hovudkjedene: Norgesgruppen, Coop, Ica og Rema, forklarer Knutsen.
Den andre hovudmarknaden er industrimarknaden, som kjøper råvarer for å foredle. Hovudkundar her er Stabburet, Leiv Vidar og Espeland.
Stadig nye produkt
Eitt av kriteria for å halde seg inne med daglegvaremarknaden er stadig utvikling av nye produkt.
— Me følgjer nøye med i utviklinga på denne marknaden for å kunne tilpasse produkta våre signala herfrå, seier Knutsen.
Konsernsjefen nemner marinert ytrefile av sau som eitt av dei nye produkta, og han forklarer at gris og sau har tatt over mykje av marknaden til storfe når det kjem til biffar og filetar. Eit anna produkt som er i god utvikling er bacon. Fatland i Ølen investerte nyleg i nytt produksjonsutstyr for baconet som stadig presenterer seg med nye nisjar i butikkhyllene.
— Men trass i at me ser ut til å få meir kresne ganar, held kjøtdeigen stand som det mest populære produktet.
Me har vore oppe i ein dagsproduksjon på 48.000 kjøtdeigpakkar, det seier noko om dagsvolumet, seier Knutsen.
Streiken ramma
Konsernsjefen nemner auka produktivitet og auka volum som nøkkelen til den gode veksten konsernet opplever. Drifta fekk seg likevel ein knekk under den langvarige streiken i vår.
— Me har ikkje salstatistikken for denne perioden klar ennå, men me mista nok sal tilsvarande fleire tital millionar, kalkulerer Knutsen.
No er det likevel gode tider igjen hos den private kjøtmeisteren i Ølen.
— No om dagen går produksjonen det reimar og tøy kan halde. Me er inne i høgsesong, i tillegg til at me skal fylle opp att distribusjonskanalar som var lukka under streiken. Me har også kome i gang med lagernedbygginga som ikkje gjekk som planlagt grunna streiken, avrundar Knutsen.