— Det blir lagkonkurranse i grilling på kjøtfestivalen, og vi utfordrar guteklubbar, bedrifter, velforeiningar og byggjefelt til å gripe sjansen. Grilling er noko alle driv på med, og spesielt mannfolk, seier Unni Marie Lien, ny festivalsjef i Ølen Kjøttfestival.
— Eg trur det er mange som er tøffe nok til å stille opp. Det er seriøst, men samstundes skal det vere moro også, seier Tom Jøran Johnsen som er ny i festivalkomiteen.
Vinnarane av konkurransen får ta steget vidare med tur til NM i grilling på Lillestrøm.
Nye kostar
Årets kjøtfestival er blinka ut til første helga etter 17. mai, og Unni Marie Lien og resten av korpset har ei god stund på seg enno til å finpusse programmet til den tredje festivalen. Men store delar av programmet er klart.
Lien har vore med frå starten, og har i år tatt over som festivalgeneral etter John Karsten Hustveit.
Festivalen har fått to nye kokkar på laget med Tom Jøran Johnsen og Egil Jørgensen, i tillegg til Finn Ove Solberg som har vore med frå starten.
— Det flotte med kjøttfestivalen er at den er seriøs med eit fag innblanda. Som fagmann når det gjeld mat synst eg det er fint at vi kan utvikle oss og vise kva faget er, seier Johnsen.
Gourmet og folkeliv
Festivalen har litt å leve opp til etter rundt 6.000 besøkande i Sjoargata og på kaien i Ølen sentrum i fjor. Det er først og fremst kjøt og mat det handlar om, og kokkelandslaget skal grille ein liten okse. Grillamatørane får kanskje eit grillkurs på kjøpet.
Gourmeaften, NM i pølseeting og landskamp mellom kokkelinja ved Ølen vidaregåande skule og vennskapsskulen i Mainz, er også spikra.
— Vi har sendt ut invitasjon til 135 utstillarar av mange forskjellige slag. Mat er det sentrale, og det finst mange nisjeprodusentar rundt om, seier Unni Marie Lien.
Utstillarane er viktige for festivalen, for dei skaper liv og røre i sentrum.
Prøver fagtema
Mat er glede, men enkelte må passe ekstra på kva dei et. Kjøtfestivalen inviterer i år til eit fagtema om cøliaki og matallergi. Det blir både ein teoretisk og ein praktisk del. Kurset er i samarbeid med Norsk Cøliakiforening i Rogaland og Norges Astma og Allergiforbund.
— Stadig fleire blir ramma av allergi og intoleranse for mat. Det er eit nyttig tema å ta opp og få ut informasjon og kunnskap for dei som er interesserte. Det kan bli aktuelt å knytte eit tema til festivalen, forklarer Lien.
Seminaret blir avvikla for seg og den praktiske delen med matlaging skal vere på Ølen skule og Vågen skule. Mest aktuelle målgrupper er familiar som har problemet, barnehagar, skular, serveringsstader og ulike typar institusjonar.
Barnas dag
Søndagen er programmet vinkla spesielt med tanke på dei yngste. Det blir mellom anna Mini-Idol og sjørøvarshow. I år skal dei satse på større blest omkring frukosten som opnar festivalen om laurdagen.
Lokal musikk og underhaldning er festivalen sitt varemerke. I år har dei fått utebransjen med på eit festivalpass slik at folk kan sirkulere i sentrum dersom dei ønskjer det.
— Vi er 11 i komiteen og lag og organisasjonar hadde 220 vakter i fjor. Vi er heilt avhengige av at bygdefolket tar eit tak for at festivalen skal bli vellukka. Det er den einaste matfestivalen på Haugalandet, og det er ein kvalitet vi kan utvikle. Vi er framleis i ein oppbyggingsfase i festivalen, seier Lien.