Fredag var kvelden for den yngre garde. Heile tusen mann løyste billett for å oppleva den svenske visesongaren Björn Rosentröm med band. Han gjekk rett nok ikkje på scena før klokka halv eitt så mange fekk høve til å svinga seg til musikk ved lokal trubadur Ingvald Alvseike før Rosenström overtok showet. Då han endeleg entra scena, steig stemninga fleire hakk og ungdommen flokka seg framme i teltet for å komma nærast mogeleg fjortishelten. Allereie etter første song var det fleire som ropte etter «Pojkarna», men publikum måtte vente lenge før Rosenström drog i gang superhiten. Sjølv om musikarane kom seint på scena, heldt dei koken i halvannan time, og spelte både gamle hitar og heilt nytt materiale frå plata «Pop på Svenska». Det var også eit akustisk innslag der Rosentröm stod åleine på scena med gitaren og sjarmerte.
«Är ni heta?», ropte Rosentröm midtvegs uti konsertprogrammet, før han spelte opp til fjorårets sommarslager, og publikum var ikkje seine med responsen. Stemninga stod i taket heilt til bandet drog i gang ein serie ekstranummer. Då publikum fekk servert «Pojkarane», som aller siste låt kunne endeleg svenskane forlata scena utan ville protestar.
— Publikum var kjempebra. Stor stemning og utrolig respons. Det var veldig gøy å spele i Vikedal, var Rosentröm sin kommentar etter konserten.
Gluntan skapte danseglede
Trass ausande regn og store dammar inne i festivalteltet laurdag, blei sommarfestivalen bra besøkt også denne kvelden. Om lag 800 danseglade kom til teltet for å svinga seg til musikk ved det tradisjonsrike dansebandet Gluntan. Gluntan har naturleg nok hatt ein del uskiftingar sidan oppstart i 1965, men serverte likevel fleire av dei eldste slagerane før dei skifta ham og gjenoppstod som Clearwaters rundt midnatt. Frå då av var det Creedence som stod på programmet, men det såg ikkje ut til at vikedalsbuen, campinggjester og andre tilreisande hadde noko i mot det. Danseplattingen var i hyppig bruk og heilt fram til Clearwaters sa takk for seg i to tida.
52-04-Bjørn Rosentrøm