Fin tur over fjellet

— Dette er alle tiders. Litt surt på toppen, men det gjere ingenting, me toler […]

— Dette er alle tiders. Litt surt på toppen, men det gjere ingenting, me toler jo det. Litt skal ein då ha å slita med! Grannar slår av ein prat med tre spreke damer frå Sveio, som har gått den flotte marsjen mellom Skånevik og Etne. Damene fortel at dei var grytidleg oppe, for turmarsjen ville dei ikkje gå glipp av. To av dei er med for tredje gong, ei er med for fyrste gong. Og fleire turar er dei skjønt einige om at det skal bli.
Også Annie på fem år og Benjamin på ni år, har saman med mamma Kristine Ertsland Dahl, tatt turen over fjellet. Vel tre og ein halv time har dei brukt. Dei har hatt ein fin tur, men litt tungt var det også.
— Det var tungt å gå oppover, og så var det litt surt på toppen, fortel Benjamin. Han og mamma er med for fjerde gong, Annie er med for andre gong. Neste år er det premiering, Benjamin og mamma får då gull, medan Annie får sølv.
Variert terreng
Den årlege marsjen som vekslar mellom og starta i Skånevik og Etne, hadde i år sitt utgangspunkt i Skånevik. Den tre-fire timars lange og vakre marsjen over fjellet, byr på eit variert terreng, med god utsikt over bygdene rundt.
Leif Ramstad fortel at det vanlegvis deltek rundt eit par hundre turgåarar.
— Folk såg vel veret an, det var jo litt uggent på morgonkvisten, smiler Ramstad. Han undrar seg litt over at ikkje fleire vel å gå Postvegmarsjen. Flotte stiar, skog og fjell, må då vera mykje betre enn asfalt, meiner han. Kanskje er det kjendisfaktoren som manglar, spøkjer han.
— Folk er underlege, dei må ha noko å gå etter. Me får satsa på å setja ein kjendis på ein fjelltopp neste år, for å sjå om det kan trekkja folk, ler Ramstad.