Firbeinte påskegjester

Hundar til omplassering er slett ikkje berre laushundar som politiet har sanka inn. Det kan […]

Hundar til omplassering er slett ikkje berre laushundar som politiet har sanka inn. Det kan vera hundar som har mista heimen sin etter eit dødsfall, eller hundar som eigarane av ulike grunnar ikkje lenger er i stand til å ta seg av.
— Me har ei tispe på 10 år. Ho er ein bordercollieblanding. Det er ei koseleg gamal dame, som er vane med, og som hadde passa best, hjå eldre folk, fortel Hanssen-Tunge.
Ein annan hund som ho prøver å finna ny eigar til, er ein tre år gamal engelsk setter.
— Han har vore her sidan 6. januar. Me har annonsert han gudane veit kor mange gonger, men det er ingen som vil ha han, fortvilar pensjonateigaren.
Dersom det er ein kvan som ønskjer seg hund, kan dei berre ta kontakt. Hanssen-Tunge understrekar likevel at dei som vil ta over ein vaksen hund, også må passa i forhold til den heimen nett denne hunden kjem frå.

Påskegjester
Firbeinte påskegjester er på veg inn på Tunge Hundepensjonat. Sjølv om det fyllest opp i bura, har Torhild Hanssen-Tunge god kapasitet til å ta unna påsketrafikken. Det er først når det går mot sommar at det fyllest heilt opp i bura.
— Folk er litt trege med å bestilla. Eg reknar med å få inn 45 hundar eller noko slikt. Me har plass til 90, seier Hanssen-Tunge, som bruker mykje av tida til å lufta alle pensjonatgjestene.