Fire eller fem skuledagar?

Sjølv om det er mange gode argument for fire dagar skule, meiner eg det er […]

Sjølv om det er mange gode argument for fire dagar skule, meiner eg det er fleire og betre argument for fem dagar skule.
Det vektigaste argumentet må vere læringsmiljøet i skulen. Læring i kortare bolkar verkar å vere det beste for alle små elevar. Dette ser det ut for at dei fleste pedagogar óg er einige om. Med fem dagar skule oppnår vi ein mykje kortare arbeidsdag for småborna våre. Dette må jo medføre meir opplagde og lærevillige born.
Vi kan meine kva vi vil om at politikarane stadig aukar timetalet i småskulen. Fem nye timar over fire år i småskulen er eit faktum. Dette er ikkje noko vi kan vegre oss imot. Då må vi gjere det beste ut av det. Eg trur ikkje at løysinga ligg i å lage enda lengre skuledagar, fire dagar i veka, for å verne onsdagen.
Det undrar meg litt at ingen snakkar om dei lange skuledagane småborna våre allereie har og som, utan at me tek onsdagen i bruk, skal bli enda lengre. Eg er overtydd om at skule frå klokka ni til fem over halv tre, fire dagar i veka, gjev uopplagde og trøytte elevar. Det er alt for lange dagart for barn heilt ned i fem års alder. Eg er redd for at dei siste timane av skuledagen kan bli tunge, urolege og lite lærerike. Ein kan spørje seg om dei har nokon verdi i det heile. Det er då eit spørsmål om fri onsdag er verdt den prisen elevane betaler resten av veka.
Ei gruppe elevar eg synest spesielt synd på, er dei som slit med dei teoretiske faga på skulen. For denne gruppa må desse maraton-lange skuledagane vere uoverkommelege. Dette sjølv om dei kan glede seg til onsdag.
Det kan ikkje vere lett for kriblande og urolege kroppar å sitje i ro så store deler av dagen, fire dagar i veka. Nokon kvar kan bli freista til å lage uro og bråk i timane. Noko som i sin tur, går ut over alle elevane. Hadde dei fem nye timane, som skal innførast, vore kroppsøvingstimar, ville onsdagsfri vore forsvarleg. Slik er det ikkje. Det er norsk, engelsk og matematikk småborna våre skal ha meir undervisning i. Fag som krev opplagde og konsentrerte elevar.
Eg er sikker på at ressurssterke born, med ressurssterke foreldre, greier seg bra på skulen. Til trass for fri på onsdag og lange skuledagar resten av veka. Mange brukar nok dessutan onsdagen på ein konstruktiv og god måte. Eg er like sikker på at alle born ikkje er så heldige. Det finst sikkert born som gruar seg til fridagar heime. Nokre born treng rett og slett skulen fem dagar i veka, både for stabilitet og læring. Dei har ikkje fine og lærerike fridagar på onsdagen.
Eg håpar på best mogeleg læringsmiljø for alle små elevar i Etne kommune. Derfor håpar eg på fem dagar skule.

Anne-Gunn Bjørnevik
Etne