Fisk i bøtter og spann

Vikebygdfestivalen har berre vore arrangert tre gonger, men har hatt jamn auke i besøkstalet. Arrangementet […]

Vikebygdfestivalen har berre vore arrangert tre gonger, men har hatt jamn auke i besøkstalet. Arrangementet er eit samarbeid mellom fotballgruppa, musikk-korpset og Plassabakeriet. I år var det ny rekord med nøyaktig 300 påmelde til fiskekonkurransen. Deltakarane klarte til saman å hala i land 151 kg fisk. Om det ikkje vart så mange kilo på kvar, vart det til gjengjeld utdelt kjempefine pokalar til dei flinkaste fiskarane. I tillegg vart det lodda ut flotte premiar som utstillarane og lokale bedrifter hadde gitt til festivalen.
— Me har fått premiar for opp mot 30.000 kroner. Det er heilt fantastisk, sa ein begeistra festivalgeneral, Rune Hetland.
Aud Jorunn Tordal var den aller heldigaste. Ho stakk av med hovudgevinsten som var ei reise med Fjord Line til ein verdi av 4.000 kroner. Klokka 18.00 var det tradisjonen tru, klart for ei lita overrasking til publikum. Dette året underhaldning frå Gunnar Andersen og Nye Busserulls.
Fornøgde utstillarar
Veret var også på arrangørane si side, berre eit par dropar fall ned Vikebygd. Med triveleg trekkspelmusikk i bakgrunnen ved Ivar Glette, også kalla Peyken, gjekk folk mellom dei ulike bodene. Smaksprøvar på spekemat frå Vikedal gardsmat vart delte ut og Terje Askeland frå Bjoa kunne by på mykje gode bær. Ulike konkurransar, husflid og antikvitetar var berre noko av det publikum fekk med seg på marknadsområdet ved kaien. Ei svært koseleg stemning prega festivalen.
— Her likar me oss! Eg har selt meir bær på desse timane i Vikebygd enn eg har gjort på ein heil Etnemarknad! Det går ikkje an å få det betre, sa ein strålande nøgd Terje Askeland.
Full rulle i Plassabakeriet
— Phuhh! Nå er me slitne, men veldig fornøygde, sa ei litt trøytt Margareth Onarheim, etter at festivalen var vel i hamn. Ho og mannen Bjørn Vik hadde stått på hovudet for at alt skulle gå på skinner i helga.
— Me byrja å steika snurringar klokka halv åtte laurdag morgon, og før det var det deigen som måtte gjerast klar, fortel Bjørn Vik. Plassabakeriet har vore i slekta sidan oldefar hans kjøpte bakeriet i 1893, sjølve bygninga og omnen er frå 1842. Vik og hans betre halvdel overtok bakeriet i 1993 og har hatt stor suksess med det.
Varmen i omnen varer utruleg lenge. Glørne vart tekne ut i halv åtte tida og då Grannar vitja bakeriet i femten-tida var det enda ca 200 grader. Kvar sommarlaurdag er det varme i den gamle steinomnen, og rykande fersk bakverk er å få kjøpt. På laurdag selde dei 1300 snurringar! Og hadde dei hatt meir deig, hadde dei nok seld endå litt meir. Det var kø framfor det gamle bakeriet heile dagen.
Då kvelden kom var det dans i Plassabakeriet, og heile 400 var innom dørene. Det var duoen Geir Halleland og Tore Handeland som stod for musikk og show.
— Dansen var kjempekjekk, folk koste seg og det var ikkje teikn til noko bråk. Bjoa IL skal ha honnør for det, dei gjorde ein knalljobb som vakter, seier Margareth Onarheim, som etter ei søvnfattig helg endeleg kan kvila ut.