Fjæra freda i eitt år

Ap gjekk i bresjen for at framtida for Fjæra skule skal opp igjen under budsjettbehandlinga […]

Ap gjekk i bresjen for at framtida for Fjæra skule skal opp igjen under budsjettbehandlinga neste år. Varaordførar Siri Klokkerstuen meinte det ville vere feil å love Fjæra to år i lys av den økonomiske situasjonen, pluss at elevtalet er usikkert framover.
Ingvor Gundegjerde (Sp) stod fast på at Fjæra må få to år slik foreldra ønskjer, men Sp fekk berre støtte av Frp og Liv Tungesvik frå KrF.
Siger for landbruk
Gundegjerde og Sp innkasserte derimot ein full siger for at landbrukskontoret ikkje skal flytte frå Etne bygdesenter. Gundegjerde hevda at det er kortsynt og defensivt å flytte landbrukskontoret frå det landbruksfaglege miljøet i bygdesenteret. Det er over ti år sidan kommunen tok initiativet til å byggje bøndenes hus, men rådmennene i Etne har i fleire år foreslått å splitte fagmiljøet ved at landbrukskontoret flyttar til Tinghuset for å spare pengar.
— Vi bør heller byggje opp eit kompetansesenter for landbruk og andre næringar. Det kan skape utvikling, sa Gundegjerde.
Det var den dyraste budsjettvinnaren med ein prislapp på rundt 130.000 kroner.
Slit med tusenlappar
Politikarane i Etne gjorde få krumspring då dei banka gjennom budsjettet for neste år. Det var snakk om flytting av tusenlappar, og forslag om pc til den nye kappelanen og grasklyppar til kyrkjegardane, førte til langvarig debatt og hovudbry for å få budsjettet i balanse.
Salderingsposten var dei 1,5 millionar kronene som ei handfull politikarar har jakta på i eitt år for å betale ekstra ned på lån, men som det ikkje blir noko av. Dei forløysande kronene kom frå John Karsten Hustveit (H) som til slutt fann hundre tusen kroner å plukke av ved å kutte ut ekstraordinært vedlikehald av kommunale bygningar.
Tapsbomber
Utfordringane kan bli større etter juleferien når moglege tapsbomber i budsjettet kan melde seg. I følgje rådmann Elling Hetland har kommunen budsjettert med så høge inntekter at det kan blinke eit blått lys for 2,5 millionar kroner av dei. Dersom det blir nedgang i folketalet, kan det fort gi nærmare ein million i tapte kroner frå staten om ikkje nedgangen har snudd dei tre siste månadene av året.
Det finst ingen faglege prognosar for at eldreomsorga skal bli billigare i åra som kjem, men Etne har vedtatt at pleie- og omsorg skal bli to millionar kroner billigare i løpet av dei to neste åra.