Fjæravatn eit steg vidare

Det er gladmeldinga etter at styreformann i Norwegian Water Company AS (NWC), Tore Sandberg, ordføraren […]

Det er gladmeldinga etter at styreformann i Norwegian Water Company AS (NWC), Tore Sandberg, ordføraren i Etne, Amund Enge, og miljø- og kulturansvarleg i kommunen, Erik Kvalheim, har vore i møte med statssekretær i Miljøverndepartementet, Øyvind Håbrekke.
Men dei var ute i siste liten. Allereie 14. mai kjem dronning Sonja til Kvinnherad for å vera med på den offisielle opninga av Folgefonn nasjonalpark. Då skal helst vedtekter og eventuelle dispensasjonar frå desse vera på plass. Det er her dei edle dråpane frå Sandvikevatnet kjem inn. Vatnet ligg godt innanfor grensene til den nye nasjonalparken, men trekløveret som møtte statssekretæren og medarbeidarane hans, er av den klare oppfatning at dei inngrepa som må gjerast ikkje ein gong vil verta synlege for observante fotturistar.

Ikkje forbod
— Me oppfatta departementet som positive, då dei ikkje sa nei til prosjektet. Men me fekk heller ikkje noko ja i handa. I verste fall må me truleg søkja om dispensasjon. Ein søknad som skal stilast til fylkesmannen i Hordaland. Dei har til liks med andre instansar tidlegare vore særs positive til planane om produksjon av vatn. Såleis kjenner me oss rimeleg trygge på at dette kjem til å gå bra. Gjerne med oppstart allereie i andre halvdel av 2006, fortel Amund Enge.

Ny teknologi
Etter at initiativtakar Tore Sandberg første gongen sjekka ut om det var mogeleg å få til produksjon av vatn i Etne kommune, har ny og særs spennande boreteknologi kome på bordet. Teknologi som gjer det mogeleg å bora ein tunnel dei fire, fem kilometrane frå Fjæra og opp til Sandvikevatnet til ein langt rimelegare penge enn tidlegare.
— Men me snakkar framleis om investeringar på fleire titals millionar kroner, røper Enge. Kven som skal betala dette er framleis ein godt påpassa løyndom.
— Me har investorar klare, men har ikkje til hensikt å røpa identiteten på desse no, seier Tore Sandberg.

Viste teikningar
Under presentasjonen i møtet med Miljøverndepartementet, hadde Sandberg digitalisert nokre bilete frå ein videoanimasjon som er laga for prosjektet. Bileta syner store skip som kjem inn Åkrafjorden for å lasta om bord vatn. Dei viser også korleis produksjonslokalet er plassert inne i fjellet i Fjæra. Også det usynleg for omverda. På same måte som tunnelen opp til vatnet vil liggja ti meter inn i fjellet. Sjølve inntaksrøyret vil også liggja ti meter under vassflata. Planen er at det skal tappast 15 liter vatn per sekund.
Då det er forbod mot all motorferdsel i nasjonalparkar, var Håbrekke oppteken av korleis vedlikehald av inntakspunktet skulle ivaretakast.

Ekstremt reint
— Det vil berre svært sjeldan vera trong for å dra inn til vatnet. Å gå dit er uaktuelt. Det vil raskt bli ein dagstur. Helikopter er einaste moglege utveg, fortel Enge.
Sidan Sandvikevatnet ligg svært langt unna alt som liknar på moderne sivilisasjon, er det heller ikkje mange dyr som kan skapa problem der inne. Vatnet er så kaldt at det også er minimalt med fisk der. Alle vassprøvar så langt konkluderer med at dette er brevatn av beste kvalitet. Kjem det ikkje vedtekter med uventa innhald, er ein truleg endå eit steg nærare produksjon av vatn i Fjæra. Noko som frå oppstarten av vil kunna gje fire, fem sårt tiltrengde arbeidsplassar. Og som etter ei tid forhåpentleg kan aukast til ti, tolv, håpar Enge.