Eg har barndomsminner frå Valdra. Me som var frå Åsheim var ofte der oppe og leika med dei som var på vår alder. Den første eg kan minnast som dreiv garden, heitte Todleiv Valdra. Den neste var Reidar Brandskår, etter han kom Thorvald Kjemhus. Den som eig garden i dag er Ove Tyssebotn.
Mor mi var tenestejenta hjå Todleiv Valdra og kona Brita, og det var Brita som bar meg til dåpen for snart 90 år sida. Då eg vart konfirmert fekk eg kr. 10,- i gåve, det var mykje pengar på den tida. Mor mi lika seg godt på Valdra. Det var snille folk å vera hjå, og ho fekk læra mykje den tida ho var der.
Der var mykje dyr på garden, både sauer og geiter, kyr og hest. Ei tid hadde dei to hestar. Om sommaren laga dei geitost. Slåttonna var ei travel tid, det var stor vidde å fara over med ljåen, men dei var flinke slåttekarar som visste korleis dei skulle bryna ljåen for å halde den krass. Dei var svært nøye så det ikkje vart ståande eit strå att.
Der er to vegar som fører fram til Valdra. Dei tek til på den øvre garden på Åsheim som heiter Rabben, nedre vegen går langs Valdraelvo, den øvre vegen går på Rabben og opp lia og endar ved bøgarden til Valdra.
Då er du komen til den som vart kalla for kyrkjevegen. Der stod det bjørker på kvar side, dei skulle ikkje vore fjerna, det var den vegen dei brukte då dei skulle gå til kyrkje.
Det var flinke bønder dei som har heve Valdragarden. Du kunne sjå store åkrar, med poteter og andre rotvekstar, og store vidder med gras. Nå vert garden nytta til beite, og det bur ikkje folk der lenger.
Men me vil minnast Valdra slik som den var, og dei som eigde garden før skal me heller ikkje gløyma.
Ingvald Åsheim