Fjernsynet er ein risiko

Branningeniør Jørgen Hopland seier at desember i mange år har vore den store brannmånaden, og […]

Branningeniør Jørgen Hopland seier at desember i mange år har vore den store brannmånaden, og at det kvart år er forskjellige kampanjar retta mot branntryggleiken, distribuert av det lokale brannvernet.
I år er kampanjen retta mot eldre i trygdebustadar. Representantar frå brannvesenet besøker dei eldre, deler ut brosjyrar og gir råd og rettleiing i heimen. Dei eldre får også høve til å kjøpe blant anna brannsikre lys, komfyralarm, lynvern og andre ting som kan gjere husværet tryggare.
Dette er noko det blir sett pris på. Eldrid Furset i Sandeid fekk fredag besøk på døra av branningeniør Jørgen Hopland og feirarformann Torsten Meinke. Ho seier ho vil lese materiellet ho fekk utdelt, og syntes besøket er kjekt og trygt.

Tv ei brannbombe
Når brannvesenet går på inspeksjon, blir det også sett fokus på det elektriske opplegget, særleg når det gjeld bruk av lause leidningar, seier Hopland.
— Ein høyrer stadig at tv, kan vere årsak til brann?
— Ja, det brenn 1.500 tv apparat i året på grunn av at det blir for varmt. Saman med støv i apparatet, kan dette antenne, og føre til dramatiske brannar.
— Kan folk reingjere tv apparatet sjølve?
— Om ein meiner ein har kompetanse, kan ein gjere det sjølv. Men då må ein følgje ein del instruksar. Det er ikkje nok berre å dra ut stikkontakta og begynne å arbeide. Ein må vente i 15 – 20 minuttar. Restspenninga i apparatet kan vare så lengje, og ein må hugse at det her er snakk om høgspenning på 2.500 volt, og det er mykje, seier Hopland.

Farleg med vatn
Han minner og om at om det begynner å brenne i tv apparatet, er det livsfarleg å bruke vatn, grunna høgspenninga.
— Bruk pulverapparat, eller noko å kvele flammene med, seier han.
Når tv apparatet er klart til å bli støvsuga, bør ein blåse i staden for å suge med støvsugaren. Difor er det ikkje like kjekt å gjere dette inne.
Men Hopland minner også om at ein kan ta med apparatet til ein lokal forhandlar å få reinska det der.
Ein annan ting han minner om er at det blir slurva mykje med å berre bruke fjernkontrollen når ein slår av tv´en. Dette er ikkje nok, slå apparatet skikkeleg av.

Mange farar
Elektriske apparat i heimen må handsamast med respekt. Blant anna viser statistikken at det brenn i 500 kaffitraktarar årleg her i landet.
— Gjer det til ein vane å dra kontakta ut når kaffitraktaren ikkje er i bruk, seier Hopland.
Andre hjelpemiddel som vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin må aldri vere i bruk når det ikkje er folk tilstades i heimen.
Brannvesenet er også på skular i distriktet og orienterer.
— Vi har ei skulepakke for 6. klasse med eit opplegg på eit par timar. Der kjem vi inn på vesentlege ting innan brannvern.
Til slutt minnar Hopland om kor viktig rømingsvegar er, og at brannstigar er livsviktige.
— Her kan det vere snakk om liv eller død, seier han.