Dette er vel eit svar mange skjoldabuar kunne gjeve, men ikkje alle med same bakgrunn. For desse to er ikkje heilt vanlege innbyggjerar. Det er Martin Ivar Arnesen og Sigrunn Hagen Arnesen. Prestane i Skjold og Vats.
Det er no snart eitt år sidan dei to flytta inn i prestebustaden i Skjold i lag med dei fire døtrene sine. Korleis har det gått med dei dette året? Kva reaksjonar har dei fått? Og korleis går det an å dele ei prestestilling?
— Sigrunn har stillinga i Skjold medan eg er i Vats, forklarer Martin Ivar,
og fortel at Sigrunn har aldersbustadane og sjukeheimen, medan han har konfirmantane. Dei jobbar 14 dagar kvar, men det vert jo ikkje alltid likt med arbeid.
— Denne veka har eg lite jobb, medan Martin Ivar jobba veldig mykje sist veke, seier Sigrunn. Men totalt sett vert det ganske likt. Dei er begge einige om at det å vere prest er mykje jobb. Det er ikkje eit yrke, det er ein livsstil, seier dei.
— Men korleis er det då å vere mor samtidig?
— Det er slitsamt. Men det er veldig greitt når ein etter å ha jobba i to veker i strekk, kan vere heime i to veker. Ein er liksom meir mor då. Det er ikkje alltid dette passar. Når ungane «vil ha ei mor» den veka eg jobbar, går det jo ikkje!
Sigrunn har òg fått merke korleis det er å vere kvinne og prest på landsbygda.
— Eg kjenner nok at dei tykkjer det er uvant. Særleg dei gamle. Dei ser jo for seg at ein prest skal vere ein eldre mann, helst litt grå i håret òg, seier ho med ein liten latter. — Eg fekk ein reaksjon ein gong frå ein mann, kva var det no han sa…Jo. Korleis skal eg forhalde meg til dette då? Eg trur aldri eg såg han igjen.
Men dei fleste synest nok berre det er spanande. Og når me no er to prestar håper me jo at dei ikkje vert leie oss så fort.
Prest for alle
Noko som skapte større reaksjonar, var kyrkjebrannen. Gamle kyrkja i Skjold brann jo i 1993. Er dette noko dei nykomne tenkjer noko særskild over? Eller som dei tar med i preika frå preikestolen i den nye kyrkja?
— Nei. Det er eit klart og kontant svar frå dei begge. Dei er einige om at det har lite med dei å gjere no.
— Me var jo på Madagaskar då det skjedde, så me hadde verken høyrt om det der, eller gjennom aviser andre stader.
Men etter at kyrkjebrannen hadde fått sokke inn i skjoldabuane, reiste eit nytt spørsmål seg: Kor skulle den nye kyrkja stå? Dette vart det som kjent stor ståhei om. Kyrkjelyden var splitta i spørsmålet om det skulle byggast ny kyrkje der den gamle hadde stått eller på Vikaneset. Det vart det første alternativet. Nokon fekk viljen sin og andre ikkje.
Dei to prestane vil ikkje tilføye noko særskild her. Dei er berre glade for den nye fine kyrkja og seier at det jo er skjeldsynt med ei heilt ny kyrkje her på landsbygda.
Om korleis det har gått med kyrkjelyden no etter at kyrkja kom opp, seier Martin Ivar:
— Det vart vondt mellom folk. Ei splitting. Det er nok nokon få bitre enno, men det har vel meir med at det er vanskeleg å verte venner att etter ein vond strid.
Dei to er glade for at dei er heilt nye i bygda og ikkje hadde slekt eller venner her frå før. Det hadde vore vanskeleg å komme inn på den eine sida i konflikten. Men når dei no har komme inn som to heilt nøytrale, meiner dei at dei kan vere det dei begge i utgangspunktet ville vere; nemleg prest for alle.
Fjorten dagar på – fjorten dagar av
Dette er vel eit svar mange skjoldabuar kunne gjeve, men ikkje alle med same bakgrunn. […]