Dagleg leiar ved Ølen Vassverk, Rune Heggebø er stolt over det gode vatnet vassverket nå har i røyrene sine til bebuarane i kommunen. Dette har ført til at han i desse dagar reiser rundt og deler ut vassflasker til elevane ved skulane og til barna i barnehagane i kommunen.
— Eg meiner det er unødvendig å gå å supe på kjøpevatn, eller Cola når ein kan hente så godt vatn i springen, seier Heggebø.
Grannar var med då drikkevassflaskene vart delte ut i Bjoa barnehage og der kunne han fortelje bjoabuane, at det er investert 2,7 millionar kroner i anlegget og røyrsystemet i vassverket på Leite ved Bjoavatnet. Klor i vatnet blir om kort tid erstatta med UV stråling.
— Dette er litt dyrare i drift, men vi gjer det av arbeidsmiljøomsyn, seier han.
Eigne flasker
Rett frå springen, står det på dei fine flaskene Rune Heggebø deler ut. Ein logo med Ølen Vassverk og eit oversiktsbilde av Ølen, og ein strek der ein kan skrive namnet sitt, gjer kvar flaske til ein personleg ting.
— Kvar fekk vassverket ideen til dette?
— Vi fekk ideen gjennom eit fagskrift som viste at Ålesund kommune hadde gjort dette før oss, og gode ting treng ikkje bli oppfunne fleire gonger. Bransjeorganisasjonen Norvar sat på rettane, og vi kjøpte flaskene gjennom dei. Dei hadde òg ein designar som laga etikettane, fortel han.
I Bjoa barnehage fortel styrar Christin Sund at barna der liker vatn og drikk det gjerne. Drikkevassflaskene vart godt mottekne av dei små, som lova å bruke dei.
— Går dei sund eller at de ikkje bruker dei, må de love meg at de ikkje hiv dei i vegkanten, men hiver dei i bosset, formana Rune Heggebø, før han fòr vidare.
Flaskevatn frå springen
Dagleg leiar ved Ølen Vassverk, Rune Heggebø er stolt over det gode vatnet vassverket nå […]