Flaumkaos etter kraftig nedbør

— Eg sov godt heile natta. Eg vakna ikkje før i halvåtte tida og då […]

— Eg sov godt heile natta. Eg vakna ikkje før i halvåtte tida og då hadde vatnet allereie gjort stor skade, fortel Egil Dalland Sjo.
Han var ein av dei som fekk store skadar på eigedommen, og vatn i gang og kjellar då regnet skylja nedover veg og byggjefelt mellom Vikedal og Sandeid natt til fredag.
Han kunne berre konstatera at hagen hans rett og slett var blitt skylt bort.
— Eg blei heilt paff. Både planter, mur og trapp har fare. Også hundehuset har blitt flytta fleire meter. Det er godt at eg ikkje har hund lengre, slår Dalland Sjo fast.
På huset var det tydelege merke etter vatnet som har stått fleire meter oppetter veggen, og det hadde lekt vatn inn i gang og kjellarar.

Enormt med vatn

Det var husa i området ved vegen til Strand og Flatebøfeltet som blei hardast råka av vatnet. Småelvene ovanfor feltet hadde rett og slett flauma over og dratt med seg stein og grus nedover mot husa. Bekkeleia gjekk tette og bekkene slo seg samen til ei gigantelv som flauma over hus og eigedommar.
— Bilen min heldt på å ryka. Den hadde blitt ført med elva og stod heilt utpå kanten nede ved eigedommen, fortel Kåre Rødne.
Også han har fått store skader på eigedommen sin.
— Eg vakna av vatnet i totida. De var heilt enormt med vatn, men ingen ting me kunne gjera med det, sukkar han.
Han kan berre konstatera at hagen er totalrasert og at alt arbeid han har lagt ned rundt eigedommen må gjerast opp igjen. Han rosar likevel politi og kommunetilsette for jobben deira.
— Vegvesen, politi og kommunetilsette har gjort ein kjempejobb. Berre så synd at det er så lite ein kan gjera. Dette er noko vi menneske ikkje rår med, sukkar han.
Også Sissel Helgevold hadde ei våkenatt.
– Eg vakna av vatnet og blei meir og meir nervøs. Elva grov seg nærare og nærare huset. Til slutt torde eg ikkje meir og gjekk over i nabohuset, fortel ho. Septiktanken deira blei grave ut og elva hadde vokse seg farleg nær huset.
— Ikkje på ei ni åra eg har budd her har eg opplevd noko liknande, slår ho fast.