Fleire brukar bubil

Bjørn M. Kallevik, som i dag er dagleg leiar i Kabas, starta selskapet saman med […]

Bjørn M. Kallevik, som i dag er dagleg leiar i Kabas, starta selskapet saman med sonen for snart 10 år sidan. I dag er Kabas vorte til tre firma som kvar av dei driv med import, sal og utleige med til saman seks tilsette. I sommarmånadane er det litt stille i lokala i Skjold. Verkstaden er den som vert brukt mest i desse tider når mange er ute på tur og treng reperasjon.
Kallevik fortel om oppgang i sal og utleige av bubilar dei siste åra, og viser til god økonomi blant folk for tida.
— Fleire og fleire barnefamiliar reiser på tur med bubil, mange kjem då for å leiga. Det er òg mange som byter ut campingvogna med bubil. Det er jo mykje meir praktisk om du har tenkt å flytta på deg veke etter veke, seier han.
Mange vel i dag å importera sjølv frå utlandet for å spara pengar, men Kallevik rår frå å kjøpa frå utlandet.
— Om bubilen eller vogna du har kjøpt held seg utan problem, har du spart ein del pengar. Men om det oppstår problem, har du ikkje same garantien i Noreg, og du må tilbake til importlandet, noko som kan bli dyrt, seier han. Utanlandske forhandlarar er også overraska over at Noreg har fem års kjøpslov, medan utlandet berre har to år.
— Det er så mykje useriøst på marknaden og du kan fort tapa pengar. Kjøper du heime, har du alle rettar og fem års kjøpslov, slår han fast.