Fleire med i toppen

For Geir Harald Skeie har det gått i bilcross sidan han var 16 år, men […]

For Geir Harald Skeie har det gått i bilcross sidan han var 16 år, men før denne sesongen bestemte 21-åringen frå Sandeid seg for å ta steget opp i rallycross i ein Volvo 360.
— Eg overtok bilen som onkelen min Terje Steinnes har køyrt med i mange år, og så langt har bilen fungert problemfritt, seier han.
Likevel har han jobba med å tilpasse bilen til sin eigen køyrestil.
— Johannes Holten Leifsen har hjelpt meg med det, og etter at me har slite med understyring tidlegare i sesongen, følte eg at bilen fungerte mykje betre no i helga. Den gjorde det eg ville den skulle gjera.
Etter at Geir Harald blei nummer tre i bakkeløpet på laurdag, var det han som sette standarden i store nasjonalklassen på søndag. To bestetider blei det i første og andre omgang, og dermed det beste startsporet i finalen. Men nok ein gong var det NMK Bergen-føraren Steinar Stokke som stakk av med sigeren.
— Stokke har vore heilt suveren i denne klassen gjennom heile sesongen og er alt Vestlandmeister, men i finalen i Bergen i oktober vil eg heilt klart gjere eit forsøk på å slå han.
Fleire med
For Geir Harald Skeie er det avgjort at han blir nummer to i Vestlandsmesterskapet i år, forspranget fram til Steinar Stokke kan han ikkje gjere noko med, samstundes som Håvard Helland ikkje kan ta han igjen. I tillegg kan både Per Vidar Flesjå, Rune Lutsi og Svein Bjarte Holten sikre seg ein medalje i årets meisterskap.
Rune Lutsi, som kjem frå Kylles utanfor Sandnes, har køyrt for NMK Vikedal i fleire år. I helga stilte han i nyinnkjøpt Boble og gjekk til topps i begge løpa i minste nasjonal. I samandraget er han berre tre poeng bak Per Vidar Flesjå og bronseplassen. For Flesjå blei de ein tredjeplass i bakkeløpet på laurdag, før det blei skikkeleg vanskeleg på søndag.
— Ja, då sleit eg både med vatn i bensinen og ein girkasse som mangla tredje og fjerde gir, og sjetteplassen i A-finalen med desse føresetnadene er rein bonus.
For Flesjå er det fem poeng å hente inn på NAF Gjesdal-føraren John Vatland i kampen om gullet.
— Målet er å kome sterkare tilbake under finalen i Bergen i oktober, og Vestlandsmesterskapstittelen er så absolutt innan rekkevidde.
Vidare satsing
For første gong sidan 1999 er også Svein Bjarte Holten med og kjempar om sigeren i Vestlandsmesterskapet. I finalen i Bergen må han vinne store supernasjonal, samstundes som Stian Haugan frå Notodden må bli nummer tre eller dårlegare. Sigeren på søndag på Vikedal Motorbane var viktig for Holten.
— Ja, hadde Stian Haugan vunne på søndag, hadde han alt vore meister og kunne stått over finalen i Bergen, no er det framleis skikkeleg spanande.
For Holten, som har halde på med rallycross sidan 1986, er det moro at nye førarar frå distriktet er med og kjempar i toppen i Vestlandsmesterskapet.
— At både Geir Harald og Per Vidar kom inn i rallycrossen før denne sesongen, og har vist at dei kan vere med å kjempe i toppen er veldig bra, og for meg gir dette inspirasjon til å halde fram. I 2006 blir det nok full satsing både i Vestlandsmesterskapet og NM i rallycross, seier han.
Bilcross
det vart også køyrd bilcross og bilcross junior i helga. I bilcross junior vart Aleksander Skeie frå Sandeid beste lokale førar med ein sjetteplass, medan Kenneth Johansen frå Ølen og Johannes Holten Leifsen frå Vikedal begge var i A-finalen i bilcross senior, og blei til slutt nummer fem og seks i klassen.