Fleire skilt skal gi færre smellar

Grannar skreiv 26. september i fjor om problematikken rundt hjortepåkjørslene på Fikse. I løpet av […]

Grannar skreiv 26. september i fjor om problematikken rundt hjortepåkjørslene på Fikse. I løpet av tre veker hadde tre hjortar mista livet etter påkjørsler på E 134 ved Mørkeli i Etne. Totalt blei minst seks hjortar påkjørte ved Mørkeli i 2005.
Tysdag var to representantar frå Statens vegvesen, Udmund Kjell Stengårdsbakken, leiar i viltnemnda i Etne, Annbjørg Bue, fagansvarleg landbruk i Etne kommune og grunneigar Erling Askeland, på synfaring i området.
Dei er samde om at fleire varslingsskilt må setjast opp for å minna bilistane sterkare om faren for å treffa på hjort i dette området. I tillegg skal grunneigar Askeland hogga ut eit stort område med skog på oppsida av E 134, noko som vil gi betre oversikt. To nye skilt er planlagde i kvar retning og desse kan komma på plass etter påske.
— Eg har litt tru på det med skilt. Eg ser berre sjølv kor fort eg gløymer det ut, seier Askeland.
— Der trur eg det ligg noko. Få folk til å vakna heile vegen, seier Stengårdsbakken.

— Gløymer skilta
Stengårdsbakken meiner det er vanskeleg å seia kva som er det beste tiltaket.
— Hogst vil iallfall hjelpa ved at ein får meir oversikt og fleire skilt vil varsla at ein må ta det med ro, seier han.
— Kva med skilta som står der i dag?
— Dei fungerer ikkje slik dei skal. Eg trur folk gløymer dei ut, og kanskje difor bør ein setja ut fleire skilt slik at folk forstår at det ikkje er klart før dei har passert begge lysskilta, seier Stengårdsbakken. I dag står det eitt lysskilt på kvar side av Fikse som varslar om hjort. I tillegg står det ytterlegare eitt varslingsskilt på begge sider. Tidleg i fjor haust var ikkje skiltet på Ølen-sida kopla til med straum og det var problem med vedlikehald av skiltet på Etne-sida, men seint i fjor haust blei det orden på sakene, og nå verkar begge skilta.
— Etter det me kjenner til har effekten av lysskilta vore at det ikkje har vore påkjørsler innanfor området etter at det kom straum i dei i fjor haust, seier Askeland.
I følgje Stengårdsbakken er hausten og våren den verste tida for påkjørsler, og han meiner det blir spennande å sjå effekten av skilta i tida me nå går i møte.

Steg for steg
Tønnes Frøyland, sjefingeniør i Statens vegvesen Haugaland og Sunnhordland distrikt, meiner dei må innføra tiltaka steg for steg.
— Me må først sjå effekten av tiltaka og deretter vurdera dei. Det me har gjort er å få lys i skilta. Nå set me opp fleire skilt for å gjenta faren for bilistane slik at me får ekstra effekt, seier Frøyland.
Ledegjerde blir i første omgang vurdert som eit uaktuelt verkemiddel.
— Me må prøva med skilt og andre tiltak først. I og med at skogen skal hoggast, aner me ikkje kor me skal setja opp desse. Når det blir hogd, vil truleg hjorten finna seg nye trekk, seier Stengårdsbakken, som fortel at ledegjerde er både meir omfattande og meir kostbart enn tiltaka som nå blir sette i verk.