Fleirtal for kulturhus

Med fem mot to røyster gjekk formannskapet tysdag inn for rådmannen si tilråding om at […]

Med fem mot to røyster gjekk formannskapet tysdag inn for rådmannen si tilråding om at kommunen skal eiga ein del av Etne sport- og kultursenter. Det inneber ei årleg utgift på 1,2 millionar kroner. I tillegg til direkte tilskot på to millionar kroner og ein million til ny kunstgrasbane. Dersom kommunen skulle leiga ville det kosta to millionar årleg.
Kulturleiar Nils Halleland og Erik Kvalheim, fagansvarleg kultur og miljø, presenterte tala som administrasjonen hadde utarbeidd utifrå plannemnda sitt materiale. Dei har rekna ut at dersom kommunen går inn på eigarsida, kan prisen på kulturhuset bli 65 millionar, mot 70 millionar dersom ein leiger.
— Me har ein modell der me kuttar ned på kostnadene ved at me ser på arealkostnadene, andre kostnader på råbygg og mindre justeringar på kulturskulen sin del. Desse endringane kan takast inn og ut på driftssida, seier Halleland til Grannar.

— Får konsekvensar
Reidar Ebne (Frp) uttrykte sterk skepsis til planane om kulturhus og fremja forslag om at saka skulle utsetjast. Han meinte kommunen ikkje har råd til investeringa.
— Vil dette gå utover andre oppdrag og servicetilbod som Etne kommune tradisjonelt har hatt? spurde han og etterlyste ein konsekvensanalyse.
Rådmann Elling Hetland konstaterte følgjande:
— Dette får konsekvensar for dei prioriteringane me vil gjera i budsjett-samanheng når me ser framover, sa Hetland.
Arbeidarpartiet sine representantar var delte i synet på kulturhus. Medan Siri Klokkerstuen er tilhengar, støtta Kristoffer Vannes som den einaste forslaget om utsetjing, men dette blei nedstemt. Vannes peika på den elendige kommuneøkonomien og viste til diskusjonen om kjøkkendrifta i vinter og om skulenedlegging i fjor haust. Han argumenterte med at kulturhuset vil føra til større driftsutgifter for kommunen, og at han ikkje synest det er rett slik situasjonen er nå.
— Når me seier nei til så mykje anna, føler eg det blir veldig vanskeleg å seia ja til dette, sa Vannes.

— Skulen treng eit svar
Det at Etne vidaregåande skule er interessert i å gå inn i kulturhuset, har sett fortgang i planane og var også eit argument fleire av politikarane brukte for at ein nå måtte ta steget ut.
— Viss me utset saka, er det takk og farvel til den vidaregåande skulen. Dei må ha eit svar då dei må vera klare med ny skule i 2008. Det klarer me aldri viss me utset saka nå, formante ordførar Amund Enge (H).
Han meinte kommunen ikkje hadde råd til å la vera å bygga eit kulturhus, og at fleire ting talte for at det hasta med ei bygging.
— Me er nøydde for å vera først ute. Me skal ta vare på kulturbygda Etne. Viss ikkje me bygger kulturhus, bygger einkvan andre det, sa ordføraren, og sikta til Vindafjord.
Siri Klokkerstuen (Ap) viste til at kulturhuset vil komma dei fleste i bygda til gode. Ved at den vidaregåande skulen går inn i prosjektet, gir det også meir fagkompetanse til bygda.
— Kulturhuset vil vera både førebyggjande og trivselsskapande, dette er eit tilbod for alle, understreka Klokkerstuen.
Til liks med Ap, er heller ikkje Sp samstemte i spørsmålet om kulturhus.
Wenche Evensen (Sp) går inn for kulturhus, men sa ho kunne ikkje lova at heile partiet ville gjera det i kommunestyret.
Liv Tungesvik (KrF) sa ho var uroleg for alle dei uløyste oppgåvene i kommunen, men som fleire andre brukte ho argumentet om å få inn den vidaregåande skulen.
Saka kjem opp i kommunestyret førstkommande tysdag.