Flink med strek

Arnhild Aaen 43-åringen er oppvaksen i Sandeid, men reiste frå bygda då ho begynte på […]

Arnhild Aaen

43-åringen er oppvaksen i Sandeid, men reiste frå bygda då ho begynte på vidaregåande skule 16 år gammal. Ho er busett på Randaberg med familien sin, men er ofte i Sandeid der foreldra og ein bror bur.
Bakgrunnen som illustratør har 43-åringen frå Statens høgskule for kunsthandverk og design i Bergen (nå Kunsthøgskulen).
Sjølv om ho har gitt ut bøker, og er titulert som forfattar i Samlaget, er det jobben som illustratør ho dreg fram. I år var ho nominert til Brageprisen for illustrasjonen til boka «Onkel Arne». Forfattar er Bjørn Arild Ersland, som ho også tidlegare har samarbeidd med. Boka er ei faktabok for barn om moderne fiskeri.

«Kuvenninnene»
Men dette er ikkje første gong Annlaug Auestad sine arbeid er blitt lagt merke til. Eksamensoppgåva frå Kunsthøgskulen vart tatt opp på Vestlandsutstillinga i 1996, og ho har blant anna hatt biletkunstutstilling på Tungenes fyr.
— Det er illustratør eg er framfor forfattar. Det er jobben som illustratør som gir pengar i kassa, men etter å ha teikna lenge tenkte eg at det kunne vore kjekt å prøve på tekst. Guri Vesaas i Samlaget fall for tanken, og seinare har det gitt meirsmak, seier ho.
Det var siste boka si «Kuvenninnene» Annlaug Auestad presenterte då ho nyleg var på besøk i Etne. Denne boka kom ut i mai i vår på den tida då kyrne vart sleppt ut på beitet, fortel Auestad. Tidlegare har ho gitt ut boka «Neppe» i 2006. Nå er ho i gang med ny ei ny bok «L. and´s dagbok». Det spesielle med denne boka er at ho blir skrive i løkkeskrift. På spørsmål om ho har planar om å skrive for vaksne, svarer ho at det er noko ho ikkje veit i dag.