Flisfyring er framtida

Harald Selsaas, Hans Inge Øglænd, Torkjell Svalland, Kjell Kvamme og Arild Urdal, skreiv i midten […]

Harald Selsaas, Hans Inge Øglænd, Torkjell Svalland, Kjell Kvamme og Arild Urdal, skreiv i midten av september ein fem år lang energiavtale med Vindafjord kommune. Gjengen bak Vindafjord BioVarme DA har gått med planane kvar for seg i 12-13 år. I løpet av dei siste åra har dei funne kvarandre gjennom ulike forum, og no skal draumane om bioenergi endeleg setjast ut i livet.
Lang ventetid
— Me har heile tida følt at på eit tidspunkt ville behovet kome, men jammen er me tålmodige som har venta i 12-13 år, seier Harald Selsaas og ler.
I avtalen står det at dei skal varme opp kommunehuset, sjukeheimen og ambulansesentralen i Ølen i fem år. Planen er at flisfyringsanlegget skal vera på plass i Ølen i april 2007.
— Det er veldig lang ventetid på biobrenselanlegg over heile Europa, så me må smørje oss med enda litt tålmod, seier Harald Selsaas.
Vindafjord BioVarme DA skal levere 800.000 KWh årleg til Vindafjord kommune, det tilsvarar det totale energiforbruket til 32 einebustadar. Til saman skal dei investere ein million kroner. 25 prosent av investeringa håpar dei å få dekka av Innovasjon Noreg.
Enkelt prinsipp
Oppvarmingsprinsippet går ut på at anlegget set fyr på flisa som vidare varmar opp vatnet, som går i røyr rundt om i dei tre bygningane. Røyra er på plass. I dag vert kommunen sin vassborne varme, oppvarma ved hjelp av oljefyr og ein elektrisk kjele.
Sjølve anlegget skal plasseras vegg i vegg med Ølen Omsorgssenter. Bioanlegget vil i byrjinga sysselsette ei halv stilling, som skal delast på dei fem karane bak Vindafjord BioVarme DA. Harald Selsaas utelukkar ikkje at det kan bli fleire arbeidsplassar med åra.
— Me veks over med energi i Noreg. Landskapet vårt er tilgrodd av busk, skog og kratt. Dersom straumprisane held fram med å stige, vert grunnlaget for å drive med bioenergi berre betre og betre. Me er avhengige av høge energiprisar for å overleva. Stortingsrepresentantar har hatt bioenergi på skrytelista si i snart ti år, no ser det endeleg ut til at dei gjer noko med det. Eg trur at bioenergi vil gje bønder med skog ein ekstra fot å stå på i framtida, seier han.
Den ytste huda på tømmarstokkane blir ein viktig ressurs for flisfyrarane.
— Huda er eit råstoff som blir fjerna når tømmarstokkar blir leverte til materialproduksjon. Mange ser på det som eit avfallsproblem å bli kvitt denne delen av stokken, seier Harald Selsaas.
Prega av optimisme
— Kommunen og spesielt aldersheimar, er ein god og trygg kunde for oss. Det kjem til å bli større behov for aldersheimar med åra, og då er sjansen for nedlegging liten. Eit godt fungerande bioanlegg vil også vera ein viktig ressurs for kommunen. I tillegg til arbeidsplassar vil det gje auka verdiskapning, aktivitet og meir skattepengar, seier han.
— Er det aktuelt å utvide drifta?
— Ja absolutt! Me står klar og ventar på nye kundar. Vindafjord kommune har nemnt at bioanlegg kan bli energileverandør til sjukeheimen og symjehallen i Vats ein gong i framtida, seier Selsaas.
— Korleis er prosjektet blitt motteke av bygdefolk?
— Dei aller fleste er veldig positive. Folk synes det er spanande, og er glade for at dette kan vere med på å hindre ytterlegare gjengroing av kulturlandskapet, samstundes som det gjer energi, seier Harald Selsaas.