Flott jobba med dans

Dei 45 dansarane i dansegruppa ved Vindafjord kulturskule, tok fredag kveld publikum med på ei […]

Dei 45 dansarane i dansegruppa ved Vindafjord kulturskule, tok fredag kveld publikum med på ei feiande flott premiereframsyning. Ei framsyning som nesten kunne ta pusten frå nokon og ein kvar. Eit fullsett Ølen samfunnshus, viste då også å setje pris på det dei såg, med ståande applaus.
Bak «Litt av ein jobb» ligg det som namnet seier, litt av ein jobb. Det går opp for ein etterkvart som den eine dansegruppa etter den andre sprudlar på scena. Frå ide til framsyning, ligg det her mange timar intens øving.
Aktørane er delt inn i seks grupper frå andre klasse i barneskulen til andre klasse i vidaregåande skule.
I «Litt av ein jobb» møter ein både tradisjonelle yrke og utradisjonelle yrke, gjennom dans. Med innleving og fengjande rytme, får vi sjå tannlegar med tannbørstar, frisørar med sakser, flotte modellar, flyvertinner og piratar blant dei 16 innslaga i framsyninga.

Draum oppfylt
— Eg har fått oppfylt ein av draumane mine i dag, sa ideskapar og danselærar Monica Tveit Sæverud då gode ord og blomster strøymde mot henne etter premieren. Av desse var ordførar Arne Bergsvåg og rektor i Vindafjord kulturskule, Anne Kristine Andersen.
Monica Tveit Sæverud har jobba tre år i kulturskulen i Ølen, nå Vindafjord, som lærar og danseinstruktør. Dette er andre året det blir sett opp ei danseframsyning.
— Dei fleste av dei som var med i fjor, er også med i år, fortel Monica Tveit Sæverud.
Ho er takksam for at rektor i kulturskulen Anne Kristine Andersen hadde tru på ei slik oppsetjing, som ville føre til så mykje arbeid.
— Eg hadde fleire idear, men enda opp med dette, som eg visste ville krevje mykje arbeid. Men aktørane gjekk på med godt humør og eit mot eg er stolt av. Det er kjekt å vere koreograf når ein har så kjekke elevar, seier ho.
Ho takkar også foreldra som har sydd, bakt, snikra, sminka og stilt opp.
— Utan dei hadde det ikkje gått.
Men det er for få gutar med, neste år er draumen å ha ei rein gutegruppe også.

Arnhild Aaen