Flyktningbustader – millionerstatning

Ikkje minst med tanke på den dårlege økonomien i kommunen, og at dette skal gå […]

Ikkje minst med tanke på den dårlege økonomien i kommunen, og at dette skal gå utover dei svakaste, nemleg gamle og omsorgstrengande. Ordføraren lova at dette ikkje skulle bli aktuelt, men det vil truleg merkast.
At kommunen gjorde heilomvending i tråd med folkemeininga synest eg var prisverdig. Dei er jo folkevalde og gjorde med andre ord jobben sin.
Det er i samband med den store erstatninga eg synest det må vera nokon som ikkje har gjort jobben sin. Eg føreset at kommunen har rådgjevar/advokatar i slike saker, og her må det etter mi meining ha svikta totalt. Ein hadde jo moglegheita til å «sleppa unna» med 1/2 million, dersom forliket med Handeland hadde blitt akseptert.
Me som bur i kongeriket Noreg, trur me bur i ein rettsstat, men etter å ha fått ei rettsavgjerd der den fattige Etne kommune, skal betala investoren Handeland 1,8 millionar for at han ikkje fekk byggja flyktningbustader på meieritomta, synest eg er heilt hinsides all fornuft. Det var sjølvsagt mogleg å byggja bustadene på ei mykje mindre attraktiv/kostbar tomt, men etter det eg kjenner til vart dette ikkje vurdert.
Ser ein saka frå investoren Handeland sitt synspunkt, er det her og saker og ting som ikkje «heng på greip», noko også han sjølv sikkert er klar over. Han tok godt i og kunne gå med på eit forlik på 1/2 million, og nå får han 1,8. Å investera i flyktningbustader i desse gode tider, vil eg tru ikkje var den beste investeringa med tanke på avkastning av kapitalen. Når Handeland ikkje brukte desse pengane i Etne, har han sjølvsagt investert i noko anna. Det har dei siste åra ikkje mangla på gode investeringsobjekt, eksempelvis hus og hytter der avkastninga har vore 10-20 prosent. Og ikkje minst aksjemarknaden generelt har vore svært bra. Kanskje burde han «takka» Etne kommune for at dei sa nei, då han kanskje har funne eit investeringsobjekt som er vesentleg betre enn flyktningbustader.
Saken i eit nøtteskal er at i og med erstatninga frå Etne kommune, har Handeland fått dobbel avkastning av kapitalen sin. At ei slik rettsavgjerd skal vera i tråd med den vanlege rettsoppfatning er nokså utruleg. Desse paragrafryttarane/lovtolkar burde «stikka fingeren i jorda» og bli meir samkjørte med det samfunnet dei er sett til å betena. I mange domsavgjerder ser me at fagdommarane er i utakt med lekdommarane, noko som er dårlege signal, og kanskje vitnar om at samfunnet vårt ikkje er så «friskt» som me trur.
For oss som gjorde våre første livserfaringar i krig og etterkrigstida, der arbeid, sveitte og nøysomhet var avgjerande for velstand, synest det nå som om alt er «gått av hengslene». Nå er det smarte papirflyttarar som tar størsteparten av kaka.
Det er økonomar og byråkratar som styrer Noreg i dag, og det synest som om alt dreiar seg om pengar og profitt, og som ofte elles er det dei svakaste i samfunnet som får føla det «på kroppen». Eit eksempel på dette er straumprisen som pr. i dag er ein av Europas høgaste. Alt me ser er ein tafatt politikar som står fram på TV og beklagar, men lite og ingenting blir gjort.
Det synest som om det sunne bondevitet er totalt fråverande.
Til slutt har eg eit ørlite håp om at Handeland, som har vunne ein knusande og berikande siger, kanskje vil visa litt storsinn. Han har nokre av røtene sine frå Etnebygda, og kanskje litt medkjensle med dei svakaste i bygdesamfunnet hadde gjort han godt.

Trygve Birkenes