Folkemøte i Vindafjordhallen

Det er i Vindafjordhallen i kveld der toppane på partilister og bygdelister deltar. Kvart parti […]

Det er i Vindafjordhallen i kveld der toppane på partilister og bygdelister deltar. Kvart parti får eit innlegg på maksimalt tre minutt før det blir debatt. Tidlegare redaktør Ragnar Larsen er debattleiar, og han får relativt fritt spelerom sidan det ikkje er lagt opp til spesielle tema til møtet.
Det er partia som går saman om å arrangere to folkemøte før veljarane skal felle dommen sin 11. og 12. september. Det neste møtet er i Ølen samfunnshus den 5. september der det blir debatt mellom dei fem ordførarkandidatane i nye Vindafjord. På begge møta vil partia og bygdelistene ha stand.