Folkemøte med ordførarkandidatane

Det skal eg ta meg av sa kjøkemeisteren, og dermed tok han den tomme kaffikjelen […]

Det skal eg ta meg av sa kjøkemeisteren, og dermed tok han den tomme kaffikjelen og fôr inn i stova med han, svinga den fort over bordet og spurde om der var nokon som ville ha meir kaffi, og før enn nokon fekk tid til å svara, var han ute på kjøkenet att og kunne trøsta mora med at ingen ville ha meir kaffi.
Denne framgangsmåten brukte ordstyraren på møtet i Ølen og, der ordførarkandidatane til nye Vindafjord kommune skulle svara for seg. Tilhøyrarane fekk spørsmål om dei hadde noko å spørja kandidatane om, men før enn dei fekk svara på dette, overlet ordstyraren ordet til kandidatane for at dei skulle koma med sine sluttappellar, og dermed var møtet over. Det kom ikkje eit einaste spørsmål frå salen.
Sjølv hadde eg lyst til å stilla eit par spørsmål , og sikkert fleire med meg. Nå får eg koma med spørsmåla her i avisa, men i og med at det er for seint til å få svar på dei, får eg tru det er sant det som stod i Grannar den 29. august. Her står å lesa: Arne Bergsvåg (Sp) meinte det er ei mistyding at det er kommunale tenester som skal byggje opp senteret i Ølen. Vidare står å lesa: Reidar Håvås sa at det aldri har blitt bestemt at Ølen skal vere senter for kommunale tenester.
Kan dette vera sant? På heimesidene til både Vindafjord og Ølen står det nemleg at namnet på den nye kommunen skal vera Vindafjord og at kommunesenteret skal vera i Ølen. Kva meiner desse to karane med eit kommunesenter?
For nokre år sidan vart det innført eigedomsskatt i Ølen. Dette galdt berre for dei ølensbuane som budde i sentrum. Ikkje for folk frå Ølensvåg, Vikebygd og Bjoa. Grunngjevinga for dette var at det var i sentrum dei offentlege kontora og dei kommunale tenestene var. Nå er trygdekontoret flytt til Sandeid, det same er teknisk etat og deler av jordbrukskontoret kjem etter. PPT kontoret er flytt til Vikedal. Eg skal ikkje koma med nokon innvendingar mot dette, men spørja: Fell då grunngjevinga for at me i sentrum skal betala eigedomsskatt bort, og at me blir kvitt han frå 1.januar 2006?
Eg vil tru at etter valet sit det berre ein representant av 33 som har eigedomsskatt, så det gir ikkje von om stor optimisme for at me kan bli kvitt den urettferdige skatten.

Harald Heggebø
Ølen