Folketals-utviklinga

Ei av hovudårsaken til at trenden er slik er at mange som flyttar ut for […]

Ei av hovudårsaken til at trenden er slik er at mange som flyttar ut for å ta utdanning, ikkje flyttar heim igjen. Dette heng saman med at dei mest attraktive og interessante jobbane ikkje er spesielt lette å få i mindre kommunar. Dermed misser ein unge folk som må flytta for å få jobb, samstundes som det nettopp er desse personane som skal syta for etterveksten i kommunane.

Å finna nøkkelen til å snu på dette er ikkje lett, og truleg er det fleire faktorar som er avgjerande. Ein viktig ting som må på plass er eit meir variert næringsliv. I dag er det i utgangspunktet ikkje vanskeleg å driva mange typar verksemder uansett kvar dei er plasserte. Det ein treng er pådrivarar som kan få næringsskaparar til å satsa nettopp i Vindafjord og Etne.
Og her har kommunane si viktigaste oppgåve. Å marknadsføra seg på ein slik måte at det vert attraktivt, også for dei som ikkje har tilknyting til kommunane, å etablera seg her på ulike måtar.

Tidlegare leiar i Småbrukarlaget Geir Grosberg har kasta inn ein brannfakkel om til dømes buplikta. Han meiner denne er moden for å bli fjerna. Argumentet er at den verkar mot målet, samstundes som ho blir ei sovepute for kommunane og hindrar dei i anna næringsutvikling. Grosberg har eit poeng så lenge buplikta fører til brakklegging av landbrukseigedomar. Det finn ein også døme på i våre kommunar, og brakklegging tener ingen på.
Dersom landbrukseigedomar er så små at dei ikkje er til å leva av, må det gå an å utvikla dei på andre måtar. Det kan skapa alternativ aktivitet og eit meir variert næringsliv, men samstundes kan ein ikkje gløyma at landbruket er ei viktig næring. Å finna balansen mellom dei ulike interessene er ei utfordring. Det viktigaste må likevel bli at folk skal kunna bu og leva også i små bygder.